Skulestart

Beskrivelse

Utgangspunktet er at borna startar i grunnskulen det kalenderåret dei fyller seks år. Skulen/kommunen vil sende brev til føresette som har barn som er opplæringspliktige. I brevet blir det opplyst om kvar ein skal møte, og tidspunktet for oppmøtet, og informert om kva slags rettar opplæringslova gir i samband med dette. Foreldra kan søkje om tidlegare eller utsett skulestart for eleven.

Målgruppe

  • Born som fyller seks år i kalenderåret
  • Born som har fått utsett skulestart frå året før
  • Foreldre som vil søkje om å få utsett skulestarten for barnet
  • Foreldre som vil søkje om tidlegare skulestart for barnet

Vilkår

Eleven har rett til utsett skulestart dersom det etter sakkunnig vurdering frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) er tvil om barnet har kome langt nok i utviklinga si til å starte på skulen. Utsett skulestart inneber skulestart det kalenderåret barnet fyller sju år.

Tidlegare skulestart inneber at barnet startar på skulen det kalenderåret barnet fyller fem år. For å få tidlegare skulestart må barnet fylle fem år innan 1. april. Det må liggje føre sakkunnig vurdering frå PPT.

Samarbeidspartnere

Beslektede tjenester

Lover

Veiledning

Du kan ta kontakt med kommunen for å få hjelp til å søkje om tidlegare eller utsett skulestart.

Du skal leggje ved sakkunnig fråsegn.

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

  • Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
  • I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
  • Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
  • Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.

Kontaktinformasjon

Tuv oppvekstsenter
- SFO
3560 Hemsedal

Rektor
Gunn Berit Mythe Nergård
Tlf: 3140 8960

Ulsåk oppvekstsenter
- SFO
3560 Hemsedal

Rektor
Turid I. Hvaale Kvislen
Tlf: 3140 8970

Annen informasjon

Søkeord

skulestart, grunnskule
Publisert
06.02.2009
Sist endret
19.03.2012