Økonomisk rådgiving

Beskrivelse

Kommunen gir økonomisk rådgiving til dei som har betalingsproblem eller gjeldsproblem. Rådgivinga kan vere hjelp til å setje opp eit realistisk budsjett, men kan også omfatte forhandlingar med kreditorar og hjelp til å inngå ein gjeldsordningsavtale.

Målgruppe

Personar med økonomiske problem/gjeldsproblem.

Vilkår

Du skal etter beste evne sjølv prøve å kome fram til ei ordning med dine fordringshavarar.

Samarbeidspartnere

Beslektede tjenester

Veiledning

Dersom du treng hjelp til å styre din eigen økonomi, eller dersom du er i gjeldsproblem, kan du kontakte  sosialkontoret eller bustadkontoret i kommunen.

Til første møte bør du ha med deg dette:

  • Kopi av dei tre siste løns-/trygde-/stønadsutbetalingane (sjekk om det er gjort trekk for dekning av gjeld på desse utbetalingane). 
  • Kopi av kvitteringar for utgiftspostar som blir vurderte som store, eller andre kvitteringar som det er grunn til å sjekke. 
  • Kopi av likningsattest.
  • Kopi av skatteoppgjeret og utskrift av likninga for siste skatteåret.
  • Årsoppgåver (i samband med sjølvmeldinga) frå långivarane.
  • Årsoppgåver i samband med bidragsgjeld.
  • Ev. utleggskrav.
  • Ev. innkalling til forliksrådet.
  • Oversyn over pant som hefter ved eigen bustad.
  • Oversyn over pant som hefter ved eigen bil

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

  • Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
  • I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
  • Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
  • Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.

Kontaktinformasjon

NAV Hemsedal
3560 Hemsedal

Tlf: 31 02 85 85
E-post: nav.hemsedal@nav.no

Annen informasjon

Søkeord

økonomi, rådgiving, hjelp, rettleiing, betaling, problem, gjeld, budsjett, sosialhjelp, rettleiing, livsopphald
Publisert
09.07.2008
Sist endret
19.03.2012