Heimesjukepleie
Endret dato :
24.01.2012 09:35:19
Beskrivelse
Personar som er heimebuande og som har behov for pleie og tilsyn kan få tilbod om heimesjukepleie. Eksempel på oppgåver heimesjukepleia kan vera til hjelp med er: personleg hygiene, hjelp med medisiner, sårstell og tilsyn.
Målgruppe
Eldre, sjuke, funksjonshemma m.m.
Vilkår
Det må liggje føre eit reelt behov for nødvendig helsehjelp i form av heimesjukepleie
Det er ein føresetnad at brukaren har behov for bistand til å ivareta sin eigenomsorg. For tildeling av heimesjukepleie må brukaren trenge hjelp til:
- Personleg hygiene
- Medikamentbruk
- Sårstell
- Andre sjukepleieoppgåver
- Førebygge sosial isolasjon – tilsyn
- Førebygge innlegging i institusjon
- Avlasting av familien
Minst eitt av desse punkta må vera oppfylt for at brukaren kan få hjelp.
Det er ingen eigenbetaling for heimesjukepleie
Veiledning
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om heimesjukepleie, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på vegner av deg, må vedkomande ha fullmakt.
Klage
Vedtak om heimesjukepleie kan klagas på etter lov om helsetjenesten i kommunen. Klaga skal sendas til leiar av Helse og omsorg, som vil vurdere vedtaket på nytt. Dersom omsorgstenesta ikkje finn å endre vedtaket vil klaga bli oversendt den kommunale klagenemda. Dersom vedtaket vert oppretthelde der vil saka bli endeleg avgjort hjå Helsetilsynet i Buskerud.
Kontaktinformasjon
Ansvarleg verksemd: Helse og Omsorg
Sakshandsamar - kontaktperson: Gruppeleiar for heimebasert omsorg
Søknaden sendast til:
Helse og Omsorg,
Imrevegen 30,
3560 Hemsedal.
Hemsedal kommune
3560 Hemsedal
Tlf. 3140 8800
E-post: Hemsedal kommune
Søkeord
heimesjukepleie, livshjelp, psykiatrisk, terminalpleie, medisin, omsorg