BPA- Brukarstyrt personleg assistanse
Endret dato :
23.01.2012 10:12:05
Beskrivelse
Tenesta omfattar praktisk og personleg hjelp i dagleglivet for funksjonshemma. Innanfor dei timerammene som vedtaket i kommunen viser til, kan du i prinsippet styre kven du vil ha som hjelpar(ar), kva assistenten(ane) skal gjere, og kvar og til kva for tider hjelpa skal givast. Målet er at du skal ha eit mest mogleg aktivt liv trass i funksjonshemminga.
Målgruppe
- Funksjonshemma som har eit samansett og omfattande behov for tenester, og som er i stand til å leige assistenten (ta arbeidsleiarrolla).
- Personar som ikkje kan ivareta denne rolla sjølv, slik som personar med psykisk utviklingshemming.
- Familiar med barn med nedsett funksjonsevne.
Vilkår
Personar som ikkje kan ta omsorg for seg sjølv, eller som er heilt avhengige av praktisk eller personleg hjelp for å greie dei daglege gjeremåla.
Veiledning
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om brukarstyrt personleg assistanse, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på vegner av deg, må vedkomande ha fullmakt.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.
Annen informasjon
Nærståande tenester:
Tryggingsalarm
Heimesjukepleie
Sjukeheim - korttidsopphald
Omsorgsløn
Sjukeheim - avlastingsopphald
Heimehjelp
Parkeringsløyve for rørslehemma
Tekniske hjelpemiddel - utlån
Avlasting
Dagtilbod - aktivitetstilbod
MatombringingNærståande tenester
Tryggingsalarm
Heimesjukepleie
Sjukeheim - korttidsopphald
Omsorgsløn
Sjukeheim - avlastingsopphald
Heimehjelp
Parkeringsløyve for rørslehemma
Tekniske hjelpemiddel - utlån
Avlasting
Dagtilbod - aktivitetstilbod
Matombringing
Søkeord
personleg assistent, avlasting, støtte