Tryggheitsalarm
Beskrivelse
Brukaren ber tryggleiksalarmen på seg for å kunne tilkalle hjelp i akutte situasjonar. Tryggleiksalarmen er knytta til ein vaktsentral, som formidlar kontakt vidare til heimesjukepleien. Vaktsentralen eller personellet i kommunen rykkjer ut heile døgnet dersom alarmen går.
Tryggleiksalarmen ber ein på kroppen som "smykkesendar", og den skal brukast ved akutte behov der telefon ikkje er eit alternativ.
Alarmen koblar ein til telefonnettet og går direkte til alarmsentralen. Alarmmottak for Hemsedal kommune ligg hjå Hjelp24 tryggheitsalarmteneste i Oslo.
Målgruppe
Eldre, funksjonshemma og andre som kan føle seg utrygge ved å bu åleine.
Vilkår
Den som får tildelt tryggleiksalarm, må av helsemessige grunnar ha ein høg risiko for å skade seg og som følge av det vere ute av stand til å tilkalle hjelp per telefon.
Kva kan brukaren forvente av oss
- Det forutset at det finst ledig alarm. Ved mangel på alarmar vert søkjaren sett på venteliste.
- Søkjaren må ha innlagt telefon
- At vi tildeler tenesta etter ditt individuelle behov, og at behovet for tenesta vert fortløpende vurdert i samråd med deg/din representant
- At vi monterer alarmen hjå deg og set opp nøkkelboks ved ytterdøra. Dette arbeidet vert gjort kostnadsfritt.
- Du får grundig opplæring i bruk av alarmen.
- Dersom du skulle ha omfattende behov for pleie/stell vil helse og omsorgstenesta i samråd med deg avtale andre tilbod gjennom f.eks heimesjukepleie.
Forventningar til brukaren
- Må bere alarmsmykket helie døgnet
- Alarmen skal kun brukast dersom situasjon din er slik at du ikkje kan nytte vanlig telefonoppringing for å tilkalle hjelp.
Veiledning
Kommunen kan kontaktast for å få hjelp til å søkje om tryggleiksalarm, eller andre kan hjelpe deg dersom det er behov for det.
Dersom ein annan søkjer på vegne av deg, må vedkomande ha fullmakt.
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Klage
- Klage på vedtaket skal sendast innan ein frist på tre veker frå vedtaket vart motteke.
- Klagen skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket.
- I klagen skal det oppgjevast kva ein ønskjer endra i vedtaket, og grunngjevinga for dette. Kommunen kan hjelpe til med å skrive klagen.
- Klageinstans er Fylkesmannen (dersom tenesta er gitt etter sosialtenestelova) eller kommunen si eiga klagenemnd. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket står fast, vil saka bli send til Fylkesmannen for klagebehandling.
- Det blir sendt tilbakemelding om utfallet av klagebehandlinga enten frå Fylkesmannen eller frå kommunen.
Kontaktinformasjon
Hemsedal kommune
Helse og omsorg
3560 Hemsedal
Tlf. 31 40 88 00
E-post: Hemsedal kommune
Annen informasjon
Betaling:
Vert fastsett av kommunestyret.
Frå 1. januar 2012:
- for personar der husstanden sin samla inntekt er under 3 G: kr 115,- pr. mnd
- for personar der hustanden sin samla innrekt er over 3 G : kr 175,- pr. mnd.
Rekning vert sendt kvar månad.
Pr. 01.05.11 er folketrygda sitt grunnbeløp (G) på kr 79 216,-
Søkeord
tryggleik, alarm, eldre, funksjonshemma, utrygg, trygg, hjelp, redd, åleine