Vinnarane av kunnskapstevlinga "Kven veit mest?" 2010/2011, frå venstre Guro Rivedal Sundrehagen, Elin Ulsaker, Eirik Skølt og Gaute Trøim
Vinnarane av "Kven veit mest?" 2010/2011
6.trinn ved Hemsedal barne- og ungdomsskule vann finalen i kunnskapstevlinga “Kven veit mest?”
Radio Hallingdal er arrangør av tevlinga som har testa deltakarane i skulekunnskap og aktuelle samfunnsspørsmål. 17 lag med sjetteklassingar frå Hallingdalsskulane var med frå start sist haust og det har vore avvikla innleiande runder, kvartfinalar og semifinalar. I finalen tysdag 8.juni var det laget frå Hemsedal som drog seieren i land. Laget fra HBU har bestått av Guro Rivedal Sundrehagen, Elin Ulsaker, Eirik Skølt og Gaute Trøim.
Vi gratulerer og er stolte av dei kunnige 6. klassingane våre!