Radonmåling
Tilbod om sporfilm
Miljøretta helsevern Hallingdal tilbyr sporfilm til måling av radon. Tilbodet gjeld alle husstandar i Hallingdal, og er eit samarbeid med firmaet Radonlab
Forhøga radonverdiar aukar risikoen for lungekreft. Kommuneoverlegane og Miljøretta helsevern Hallingdal tilrår difor at alle som har bustad med opphaldsrom i dei tre lågaste etasjane over bakkeplan eller i underetasje, måler konsentrasjonen av radon.
Pris pr. sporfilm kr 125,-
Risiko for høge radonverdiar i Hallingdal
- Hallingdal ligg på område som gir risiko for høge radonnivå.
- Det er ikkje mogeleg å fastslå radonkonsentrasjonen i ein bustad utan at det vert føreteke måling.
- Radonkonsentrasjonen kan endrast over tid.
- Setningsskader, ombygging, endring av ventilasjonsforhold, eller endringer som følge av grave- eller sprengningsarbeid i nærområdet kan påvirke radonkonsentrasjonen.
Helsemyndigheitene tilrår difor å måle radonnivået regelmessig, og alltid etter ombyggingar. Du bør måle boligen din sjølv om naboar allereie har målt. Det kan vere store variasjonar innafor same bustadfelt.
Bidra til å kartlegge radonnivået i Hallingdal
Nyttar du høvet til å måle radomverdien for din bustad, bidreg du til at Miljøretta helsevern Hallingdal og kommuneoverlegen får betre oversikt over radonnivået i kommunen. Statens strålevern vil få tilgang til dataene. Måleresultata vil ikkje bli publiserte på ein slik måte at enkeltmålinger kan kjennast att.