Kondolanseprotokoll, fakkeltog og open kyrkje
Kondolanseprotokoll vert lagt ut på kommunehuset kl. 13.
Me i Hemsedal kjenner djup sorg og medkjensle etter dei tragiske hendingane i Oslo og på Utøya. Me føler sterkt med dei skadde, etterlatne, pårørande og vener i sorga.
Kondolanseprotokoll er lagt ut på kommunehuset frå kl. 13.00 måndag 25. juli.
Hemsedal Statlege Mottak arrangerer blomster- og fakkeltog i Hemsedal kl. 18.00 i dag måndag 25.juli. Toget går frå banken til kommunehuset og tilbake. Alle er velkomne til å møte opp ved banken med blomar og faklar.
Hemsedal kyrkje er open etter fakkeltoget.
Kyrkja er også open frå kl. 12- 20 kvar dag i veke 30.