Lavvo i kveldssol. Foto: Ole Jørgen Liodden
Lavvo i kveldssol. Foto: Ole Jørgen Liodden

Hemsedal best på service i Buskerud

Saman med Hol kommune kjem Hemsedal best ut av samtlege 21 kommunar i Buskerud på Forbrukerrådet sin test av kommunal service.

Forbrukerrådet har frå perioden 2005 og fram til i år gjennomført testar av servicenivået i kommunane, og  har no samanstilt resultatet av dei fem store kommunetestane.   

Forbrukerrådet sine kommunetestar tek føre seg service, informasjon og tildels kunnskapsnivå i publikum sitt møte med kommunen.

Det er ikke ein sjekk av kvaliteten på dei kommunale tenester slik som t.d barnehagar og eldreomsorg.

Informasjon blir henta frå kommunen sine nettsider, telefonhenvendelsar og e-post.

Resultatet speglar utvikling og kvalitet over tid.

Berre to av Buskerud sine 21 kommunar får godkjent og Hemsedal er ein av desse!!! Hol kommune deler topplasseringa med Hemsedal.

På landsbasis viser det seg at dei små kommunane taper terrengmedan dei store kommunane hevar servcicenivået. Hemsedal og Hol er unntaket som bekreftar regelen.

Les om Forbrukerrådet sin test av servicekvaliteten hjå Buskerudkommunane her.pdf

Resultat for kvar av dei fem testane fordelt på kommunar finn du her.pdf

 

Publisert
05.09.2011
Sist endret
27.12.2011