Regnboge over teltplassen. Foto: Viel Ribberud
Hemsedal - ein vellukka distriktskommune!
Hemsedal kommune er ein suksessrik distriktskommune – det har ei analyse frå Telemarksforsking slått fast. No skal me finne ut kva som ligg bak dei gode resultatata.
Kommunar i distrikta slit med busetjing og arbeidsplassar.
Mange distriktskommunane slit med å oppretthalde busetting og arbeidsplassar. Trendar i tida fører til sentralisering og vekst i urbane område. Nokre distriktskommunar gjer det likevel overraskande bra og Hemsedal er ein av dei.
Telemarksforsking har nylig gjennomført ei måling av
- besøksrelatert næringar
- sysselsetting i verksemder
- busetting
i alle norske distriktskommunar.
Ut av dette er det kome ein liste på 15 ”suksessrike distriktskommunar. ” Hemsedal er på denne lista. – Me har ikkje rangert dei femten kommunane på lista, fordi dei alle er suksessrike, men på forskjellige områder, forklarer forskar Lars Ueland Kobro i Telemarksforsking.
Kva kommunar lukkast og kvifor lukkast dei?
Det er Distriktssenteret som har sett i gang prosjektet etter ei bestilling frå Kommunal og regionaldepartementet. – Vi ønskjer naturlegvis ikkje berre å finne ut av kva for distriktskommunar som lukkast betre enn andre, me er først og framst ute etter å finne ut av kvifor dei lukkas, siar seniorrådgjevar Torbjørn Wekre, fra Distriktssenteret. Prosjekt Suksessrike distriktskommunar vil vonleg gje oss nokon svar på dette, seiar Wekre.
Hemsedal kommune deltek i prosjektet.
Fram mot slutten av februar 2012, skal Hemsedal delta i prosjektet for å bidra til å finne ut av kva som ligg bak dei gode resultata. Næringsavdelingen i kommunen er ansvarleg for lokal forankring og vil konsultere næringslivet og lokalsamfunnet i løpet av prosjektet.
Les prosjektbeskrivelse "Suksessrike bedriftskommunar" her.pdf
Har du kommentarar eller spørsmål til prosjektet, kontakt: Ola K. Frogner e-post ola.frogner@hemsedal.kommune.no