Leseglede i Hemsedal folkebibliotek. Foto: Terje Bjørnsen
Leseglede i Hemsedal folkebibliotek. Foto: Terje Bjørnsen

God folkehelse i Hemsedal

Folkehelseprofiler for alle dei 429 kommunane i landet er no gjort tilgjengeleg. Folkehelseprofilen er eit bidrag til kommunen sitt arbeid med å skaffe seg oversikt over helsetilstanden i befolkninga og kva for faktorar som kan påverkast.

Folkehelseprofilen for Hemsedal viser mellom anna:

  • Det har vore folkevekst i kommunen i 2010.
  • Prosentdelen personar i hushald med låg inntekt er høgare enn elles i landet.
  • Prosentdelen uføretrygda under 45 år er lågare enn elles i landet.
  • Andel personar tilknytta vassverk med forskriftsmessig tilfredsstillande analyseresultat m.o.t. E. coli, i prosent av befolkning tilknytta rapportpliktig vassverk, ser ut til å vere høgare enn elles i landet.
  • Færre personar brukar legemiddel mot psykiske lidingar, som blant anna angst og depresjon, samanlikna med resten av landet.
  • Hjarte- og karsjukdom ser ut til å vere mindre utbreidd enn elles i landet, vurdert etter talet på pasientar behandla i sjukehus.
  • KOLS og astma hos vaksne ser ut til å vere mindre utbreidd enn elles i landet, basert på bruk av legemiddel (45-74 år).
  • Utbreiinga av type 2-diabetes, målt ved bruk av legemiddel, ser ut til å vere lågare enn elles i landet (30-74 år).
  • Lægre andel fråfall i vidaregåande skule enn gjennomsnittet for landet

Sjå profilen for Hemsedal (pdf)

Les meir om folkehelse på www.fhi.no

Sist publisert
07.11.2012