Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Hemsedal kulturskule

.. finn du i Hemsedalsvegen 2889, inngang Hemsedal Kultursal

Påmelding

Vil du melde deg på skrivekurs; bruk vanleg påmelding som "nye elevar" eller "allereie elev i kulturskula". Der finn du vidare påmelding til dette kurset, og andre kurs som kulturskula held.

Følg med på Facebook sida vår, Hemsedal Kulturskule, for fortløpande informasjon.

Nye elevar

Allereie elev i kulturskula


Leiar av Hemsedal kulturskule er Eli Berge
eli.berge@hemsedal.kommune.no

450 32 302

 

Søknad og oppseiing

Opptak
 
Det kan søkast om plass fortløpande og gjennom heile skuleåret.

Alle får plass på kurset så sant kurset ikkje vert avlyst.

Det må søkast om plass for kvart skuleår.

Oppseiing

Dersom du beheld plassen ut skuleåret, treng du ikkje seie opp plassen.

Det er ny søknad/re-registrering kvart år.

Dersom du ønsker å seie opp plassen midt i skuleåret, sender du e-post til kulturskulen innen 10. desember.

Instrumentleige

Kulturskulen har nokre instrument til utleige. Elevar kan ikkje gå ut frå at det er instrument disponible til ei kvar tid.

Instrument for leige

•keyboard

•fiolin

•fløyte.

 

Timelengde

Ein vanleg kulturskuletime er frå 25 til 60 min, alt etter kva time det gjeld.  

Prisar og redusert betaling

Pris pr. semester                                 1 339,- 

Vaksne pr. semester                            2 200,-

Søskenmoderasjon - 25%
25% moderasjon ved fleire aktivitetar

Instrumentleige
Pris pr. semester                                 250,-

Baby- og småbarnsong
Eigen sats etter omfanget av kurset

Full betaling 

Musikkulturelt samarbeid

 Hemsedal kulturskule har saman med Törva musikkskole, Törva dansstudio og Törva songstudio vore saman om eit internasjonalt utviklingsprosjekt.

Prosjektet var finansiert av Nordplus, Hemsedal kommune, Norsk Kulturskuleråd samt lokale sponsorar og støttespelarar.

Venskapskommune.

Tõrva og Hemsedal har inngått avtale om venskapskommune. I februar 2010 vart lærarar frå musikk- og kulturskulen inviterte til Tõrva, for å vurdere eit multikulturelt samarbeid. Der vart dei kjende med engasjerte og interesserte lærarar i Tõrva Musikkskole, Tõrva Dansestudio og Tõrva Songstudio.

Internasjonalt samarbeidsprosjekt

Saman søkte dei om og fekk innvilga midlar til prosjeketet.

I løpet av to utvekslingsveker var om lag 60 elevar med familiar og 15 lærarar  involverte.

Ungdomane fekk høve til å bli kjent med Noreg og Estland sin kultur og historie på ein svært positiv måte. Gjennom song, musikk, dans og drama er det lett å oppnå kontakt over landegrenser.

Nordplus er Nordisk Ministerråds viktigaste program i forhold til området ”livslang læring”, og frå 2008 har Estland, Latvia og Lithauen vore inviterte inn på lik linje med dei nordiske landa.

Det vart eit svært vellukka prosjekt, som endte opp i ei heil kulturveke i Hemsedal.