Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kyrkjene i Hemsedal

Hemsedal Kyrkje - sommer

Hemsedal kyrkje

http://www.hemsedal.kyrkja.no

Då den gamle stavkyrkja på Kyrkjebøen vart riven i 1882, stod allereie Hemsedal si nye soknekyrkje klar. Ho er teikna av arkitekt Johannes Henrik Nissen. Hemsedal kyrkje vart innvigd av biskop Essendrop den 7. juni 1882.

Lykkja kapell

Lykkja kapellet stod ferdig og blei vigsla i 1961. Kapellet vart teikna av arkitekt Trygve M. Davidsen. Årlig vert det halde 6-8 gudstjenester i Lykkja. Dei fleste gudstenestene vert halde i løpet av sommeren, men i samband med jule- og påskehøgtidene er det også gudstjenester.

Harahorn kapell

Det vakre kapellet, oppført etter modell av dei gamle stavkyrkjene, blir ofte nytta av brudepar som ønskjer å bli smidd i hymens lenker i storslagne omgjevnader høgt til fjells.