Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kulturpris

Hemsedal kommune sin kulturpris har som føremål å hjelpe fram kulturarbeidet i kommunen. Sidan 2003 har Hemsedal kommune årleg delt ut kulturpris.

Hemsedal kommune sin kulturpris er eit diplom og eit kunstnerisk uttrykk.
Diplomet er utarbeidd av grafikaren Svein Rosseland.
Ein legg vekt på at også kulturprisen skal vere utforma av kunstnarar med lokal tilknyting.

Kriteria

Hemsedal kommune sin kulturpris kan delast i tre kategoriar:

1. Hemsedal kommune sin kulturpris kan tildelast

  • ein einskildperson
  • ei gruppe av personar
  • institusjon
  • organisasjon

som har vist/viser evne og vilje til å yte kulturinnsats ut over det vanlege.

2. Hemsedal kommune sin kulturpris kan tildelast

  • ein bygning
  • eit bygningsmiljø

som i særleg grad tek vare på den lokale byggeskikken

3. Hemsedal kommune sin kulturpris kan tildelast

  • ein einskildperson
  • ei gruppe av personar
  • organisasjon
  • institusjon

som har merka seg ut gjennom idrettsprestasjonar lokalt, nasjonalt eller internasjonalt

Kandidaten må ha nær tilknytning til Hemsedal sitt kultur-/idrettsliv og vere busett eller arbeide i Hemsedal kommune. Profesjonelle og amatørar har lik moglegheit til å få kulturprisen. Ingen kan få prisen meir enn ein gong.
Hovudutval for Livsløp avgjer kven som skal motta prisen.

Grunngjevne, skriftlege forslag til kandidatar kan sendast Hemsedal kommune, 3560 Hemsedal eller på e-post til postmottak@hemsedal.kommune.no innan 1. mars kvart år.

Tidlegare prisvinnarar

2016 - Kristin Sletten Thorsen

Kristin er meget dyktig og kunnskapsrik innafor sitt fagfelt og deler meir enn gjerne sin kunnskap. Ho er alltid smilande, blid og hjelpsam, som overgår det man kan forvente. Ho har alltid løysingar og forslag til alternativ på dei underlegaste spørsmål og ynskjer. 

Biblioteket er ein hyggeleg møtestad med fantastisk atmosfære, med  stor aktivitet : foredrag, konserter og anna i tillegg til bibliotekverksemd med rik tilgang på lesestoff i alle former. Utan Kristin hadde ikkje biblioteket vært den flotte  ressurs og institusjon det er for bygda vår. Kristin er nysgjerrig, open, imøtekomen og er ein flott ressurs for Hemsedal. 

2015 - Guro Sandvik og Runar Olav S. Bjøberg, Bjøberg Fjellstue 

Kulturprisen vert gjeve som ei påskjønning i høve eit særdeles stort og flott arbeid, over fleire år med å sette i stand og å restaurere Bjøberg Fjellstue.

Den er gjeve til eit gardsbruk som driv aktivt landbruk og som held eit uvanleg godt kulturlanskap i hevd. Driv aktivt med utmarksressursar. Samtidig er bygningane satt i opprinneleg og god stand, og miljøet er helde i hevd både innvendig og utvendig.

Garden har tilbod som skysstasjonen, slik som i gamle dagar, med ei seng til fjellvandrarar og andre, og er Noregs høgstliggjande gard i drift på nesten 1100 moh.

Familien har laga sine eigne arbeidsplassar i tillegg til gardsdrifta, snekkerverkstad og vaktmeistertilbod til hyttefolk m.m.

Hemsedal kommune set stor pris på at Guro Sandvik og Runar Olav Sletten Bjøberg har teke vare på Bjøberg Fjellstue!

2014 - Harald Lystad

Harald er ein aktiv kar som har ytt stor frivillig innsats i idrettslaget, både som trenar og som arrangementsansvarleg for lokale og internasjonale renn. Han har òg vore aktiv innan NAF Hemsedal/Hallingdal med billøp, og som leiar av Hemsedal Golfklubb i 20 år. Han har vore med på å utvikle laget og er iniativtaker til Ole Johan’s minneturnering som har samla inn betydelige beløp til Kreftforeningen. Han var med på etablering av «Folk i form» løypene for betre helse og som trivselstiltak til glede for både fastbuande og turistar.

2013 - Berit Marie Sørhøy 

Hemsedal kommune sin kulturpris for 2013 vart tildelt Berit Marie Sørhøy.Tildelinga skjedde i samband med 17.mai-feiringa i Trøimshallen

I grunngjevinga for kulturprisen, la utvalsleiar Håvard Venås vekt på Berit Marie Sørhøy sitt lange arbeid med ulik type kulturverksemd.

Berit Marie Sørhøy har vore ein pådrivar i arbeidet med boka "Kvinneliv i Hemsedal" Dette er femte boka i serien Hemsedal gjennom tidene. Berit Marie Sørhøy har også sete i redaksjonskomiteen for to av dei andre bøkene i serien. Ho hadde også ein framtredande rolle i boka Støl og stølsliv.   Berit Marie har også gjort ein stor og viktig frivillig innsats i bygdaarkivet. Ho er ein av pådrivarane i arkivarbeidet.

Fleire generasjonar ungdom har også nytt godt av Berit Marie sitt brennande engasjement for å formidle kulturarv til skuleelevane. Biletkunst, folkeeventyr, norsk dikting og litteratur, handskrift er eksempel på kulturformer som Berit Marie har gjeve ungdomane innblikk i og erfaring med.   Å tildele kulturprisen for Hemsedal kommune til ei kvinne i stemmerettsåret 2013 er ein måte kommune kan hedre ei av dei streke, flotte kvinnene som bygda har fostra!

2012- Tori Snerte

Tori Snerte fekk tildelt Hemsedal kommune sin kulturpris under17. mai- feiringa.

I grunngjevinga heiter det at ho er  kreativ, oppfinnsam og prosjektorientert.

Ho spelar på mange «strenger» som utøvande musikar på fløyte, slagverk og blåse- instrument. Som lærar og inspirator for barn og unge, får ho elevane til å prestere i overkant av det dei sjølv trudde var mogleg. Dette er berre eit lite utdrag av kva Kulturprisvinnar Tori Snerte står for.

Det går ikkje lenge mellom kvar gong Hemsedal kommune sine innbyggjarar og tilreisande møter Tori i nye kulturelle tilstellingar. Et dukkehjem av Henrik Ibsen med 10. klasse ved Hemsedal barne- og ungdomsskule og flotte kulturinnslag på 17. mai festen er Tori sine kulturelle initiativ og bidrag denne siste veka. 

2011 - Sebjørg Marie Jordheim 

Hemsedal kommune sin kulturpris for 2011 vart sundag 1.mai tildelt Sebjørg Marie Jordheim

Sebjørg Marie Jordheim har i nærare 40 år vore svært engasjert i det kristne barne- og ungdomsarbeidet i bygda.

Sebjørg har aldri slutta i sundagsskula. I begrunninga kjem det mellom anna fram at leiarroppgåvene i sundagsskulen er mangfaldige: forkynning, skirenn, datasundagsskule, medvirking i gudstenestearbeid, matlaging og organisering for å nemne noko. Sebjørg seier aldri nei til utfordringar, og er no leiar i Norges Søndagsskoleforbund. I fleire tiår har Sebjørg og vore leiar i S-klubben, der hennar evne til kreativitet, omsorg og formidling, organisering, inkludering og tålmod er viktige byggesteinar. Ho er genuint oppteken av at alle skal bli sett og trivast. Aktivitet tilpassa borna sin alder og kjønn er ei av hennar hovudmålsettingar i det frivillige arbeidet.

2010 - Frank Jonsrud 

Under sommaravslutninga ved Hemsedal barne- og ungdomsskule vart Hemsedal kommune sin kulturpris delt ut. Leiaren for hovudutval for livsløp, Sveinung Halbjørhus hadde den hyggelege oppgåva med å dele ut kulturprisen.

Frank Jonsrud har gjort seg fortent til prisen gjennom eit mangeårig engasjement for idrettslivet i bygda.

I grunngjevinga vart det peika på Frank Jonsrud sin innsats til glede for bygda sine marn og unge, både som  banemeister for skøytebanen på Ulsåk og langvarig innsats for fotballgruppa. Jonsrud var ein stor pådrivar i arbeidet med styrketreningsrommet.

Prisen er eit diplom og eit måleri av kunstnaren Tove Jensen

2009 - Gunnar Halbjørhus

Under skytingens dag vart Hemsedal kommune sin kulturpris for 2009 delt ut. Ordførar Oddvar Grøthe hadde den hyggelege oppgåva med å dele ut kulturprisen.

Gunnar Halbjørhus mottok prisen for prestasjonen som dobbel kongepokalvinnar frå Landsskytterstevnet.

Halbjørhus vann fyrste gong Kongepokalen i 2003 for så å gjenta bragden i 2007.

Prisen er eit diplom og eit grafisk trykk.

2008 - Hans Borge

Under premiereframsyninga av "Me klare uss som best me kan i verda" jubileumsoppsetjinga i samband me 100 års-feiringa til Samhald Ungdomslag, vart Hemsedal kommune sin kulturpris tildelt Hans Borge

Leiaren for hovudutval for livsløp, Sveinung Halbjørhus hadde den hyggelege oppgåva å dele ut kulturprisen.

I grunngjevinga står det at Hans Borge må vera ein av dei som har fått hemsedøler og hallingar gjennom fleire generasjonar både til å gråte og le. Han har gjennom eit par mannsaldrar ikledd seg roller med både alvor og skjemt.

Dette har han gjort både lokalt og regionalt med stor suksess. Han er ein stor amatørscenekunstnar på profesjonelt nivå. Han har vore på gjesteopptredner både i Drammen teater , Modum kulturhus og han har vore innom Det Norske og ein svipptur til Bergen òg.

Fleire store oppsetningar i Hallingdal har hatt gleda av å ha hatt han på rollelista. Kven hugsar ikkje gamle lensmann i Hol som sleit med kjenslene sine då ho Liv måtte bøte med livet, eller hestehandlaren på Norefjell som gjorde ein god handel og fekk kjøpebrennevin attpå, eller den pertentelege bykaren som trengte hjelp av skulepsykologen for å få orden på ungen sin.

Fleire somrar har han flytta inn i Tandbergbygget på Nes og gitt liv til Gamle-Nils i Gudmundsrud som let kjærleiken råde og let dotter si reise over til Amerika.

No står han på scenen igjen i et stykke han faktisk har spela i før, om enn ei anna rolle.

2007 - Martin Lindal

Under opninga av Hemsedal Jazzfestival vart Hemsedal kommune sin kulturpris delt ut.

Leiaren for hovudutval for livsløp, Tove Eggen Lien hadde den hyggelege oppgåva med å dele ut kulturprisen.

I grunngjevinga, som ho las opp, var det peika på at Martin i mange år som enkeltperson har ofra seg for ungdomen i bygda. Volleyball er hans store lidenskap og i 25 år har han engasjert seg som leiar av volleyballgruppa i idrettslaget. Takka vere Martin sin innstats har Hemsedal hatt volleyballag som har kvalifisert seg langt opp i serien. To lag har også kvalifisert seg til NM, seinast no i vår.

I tillegg til hus, jobb og heim har han i mange år vore engasjert i kommunalt styre og stell. Kona Helle har difor mang ein kveld og helgar site att åleine med ansvar for heim og ungar. Dei fortener difor begge denne påskjøninga.

Prisen er eit diplom og eit grafisk fotografi av grafikar og Hemsedal jazzfestivalsjef Svein Rosseland.

2006-1992

Kommunen delte også tidlegare ut kulturprisar. Dei første prisane Hemsedal kommune delte ut bestod av rosande ord, heider og ære.

2006 - Ingrid og Asbjørn Spjøtvoll
2003 - Hemsedal Mållag og Hemsedal Historielag
1999 - Ivar Andresen
           Kjellaug og Alf Erik Solbakken
           Hemsedal Idrettslag
           Samhald Ungdomslag
           Hemsedal Kristlege Ungdomslag
1992- Ola Fauske
          Ingar Skrede
          Vult Simon