Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kulturmiddel

Det kan gjevast støtte til lag og organisasjonar og private initiativ som er aktive og har eit ideelt formål.Det er søknadsfrist 1. mars og 1. oktober

Målsetting

Hemsedal kommune vil i sin kulturpolitikk sikre mangfaldet innanfor kulturlivet og gjennom kultur og idrett styrkje kjensla av samhald og fellesskap i bygda.

Viktige verkemiddel her er gode tilskotsordningar som sikrar breidda og mangfaldet vi ynskjer i kulturlivet. Retningslinene legg særleg vekt på støtte til barne- og ungdomsorganisasjonar og aktivitetar for desse gruppene.

Søknadskjema

Søknadskjema

Søknadskjema blankett

Tilskotsformer

Kulturmidlar i Hemsedal kommune blir gjeve over kulturbudsjettet innanfor ramma av økonomiplanen som kommunestyret vedtek. Midlane vert delt ut av Hovudutvalet for Livsløp på grunnlag av søknader frå lag, organisasjonar og einskildpersonar.

Retningslinene for tildelinga av kulturmidlar skal kunngjerast i Kommuneposten-posten og her på nettsidene.

Tilskot til drift

•Alle lag og organisasjonar i Hemsedal kommune kan søkje om tilskot til drift. Andre kommunale og regionale lag, som har medlemmer frå Hemsedal, kan også søkje.
•Dei som arbeider med målgruppa barn og unge blir prioritert ved tildelinga.
•Ein føresetnad for at laga vert vurdert, er at dei har medlemskontingent og fører medlemsliste.
•Aktiviteten i laget vert vurdert.
•Med søknadsskjema må det følgje siste års reviderte rekneskap, budsjett for søknadsåret og årsmelding.

Tilskot til arrangement

•Det kan søkjast om tilskot til arrangement (teater, konsertar, jubileum og liknande).
•Laget kan søkje om tilskot til eigne opplegg eller tilstellingar der dei ynskjer å bruke krefter utanfrå.
•Personar med følgjekort går gratis ved arrangement som får kommunalt tilskot.
•Budsjett og rekneskap for arrangementet vil bli kravd.
•Søknaden må vise korleis overskot skal nyttast.
•Rekneskap må leverast seinast 3 månader etter at arrangementet er avslutta.
•Det vert kravd garanti for underskotsdekning.
•Dersom ikkje rekneskapet vert levert innan tre månader etter arrangementet, vert kulturmidlane kravd tilbake.

Tilskot til prosjekt

•Det kan søkjast om tilskot til prosjekt av lengre eller kortare lengde.
•Tilskot til prosjekt kan også gjelde forsamlingshus.
•Budsjett og rekneskap for prosjektet vil bli kravd.
•Søknaden må vise korleis overskot skal nyttast.
•Rekneskap må leverast seinast 3 månader etter at prosjektet er avslutta.
•Dersom ikkje rekneskapet vert levert innan tre månader etter arrangementet, vert kulturmidlane kravd tilbake.
•Det vert kravd garanti for underskotsdekning.

Tilskot til leiar-/instruktøropplæring.

•Lag kan søkje om å få dekt deler av utgifter ved leiar- og instruktøropplæring.
•Trenaropplæring kjem inn under dette.
•Tilskot kan bli gjeve etter framlagt søknad med kvittering for utgiftene.

Tilskot til einskildpersonar/kulturstipend

•Tilskot kan også bli gjeve til einskildpersonar, eventuelt som kulturstipend, dersom tiltaket kan ha positiv verknad for kulturlivet i kommunen.
•Stipenda kan vera på opp til 10.000 kr.
•Målet er å premiere dei som lukkast i sine aktivitetar og på dette viset representerer Hemsedal på ein framifrå måte.
•Stipendet skal gje inspirasjon og høve til å vidareutvikle seg innan sitt felt.
•Den einskilde kan sjølv søkje og andre kan sende inn framlegg til kandidatar.