Hemsedal Bygdearkiv
Hemsedal Historielag står for drifta av bygdearkivet. Hemsedal Historielag vart eteblert i 1999. Seinare dette året inngjekk dei avtale med Hemsedal kommune om drift av bygdearkivet .
Historielaget har gjort eit stort og omfattande arbeid med å registrere gamle bilete, dei har òg samla mykje nyttig informasjon om gamle Hemsedal.
Drifta av bygdearkivet er basert på frivillig arbeidsinnsats av historielaget sine medlemmer.
Hovudutval for livsløp er styre for Hemsedal bygdearkiv. Leiar er Håvard Venås.
Historiske bilete
Hemsedal Bygdearkiv har samla eit utal historiske bilete frå Hemsedal. Mange av desse bileta er digitaliserte og gjort tilgjengeleg for alle.
På nettsida www.digitaltmuseum.no kan du sjå og kjøpe bilete.
Kontaktinfo
Hemsedal Historielag
Håvard Venås, leiar
Tlf: 908 42 422