Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Ungdomslosene i Hallingdal

Kven er me:

Me er Ungdomslosane som du som ungdom kan bruke

Kva kan me tilby?

Me skal hjelpa ungdom mellom 15 og 20 år til å fullføra og bestå utdanning, komme i jobb, eller komme i aktivitet. Me er med ungdom kor dei føler behov for oss, hjelp dei frå det eine systemet til det andre. Me kan vera med på møter med skulen, nettverk, NAV, arbeidsgjevar eller andre instansar. Me kan gje støtte du ikkje får av eksisterande system i overgangar og aktivitetar. Me skal forbedra samarbeidet mellom dei forskjellige systema.

Me kan også hjelpa til med:

- Vekking om morgonen for å komme presis (for å hindre fravær) - Samtaler. MI (Motiverende samtaler) - Kurs i depresjonsmeistring (Også tilbod i individuelle samtaler) - Hjelpa til med å strukturera kvardagen og få god døgnrytme. -  Økonomi, lage budsjett. - Veiledning i kosthold og trening. - Studieteknikk og leksehjelp. - Skapa nettverk og sosiale relasjoner. - Hjelpa til med jobbsøknad og cv. (Eventuelt hjelp til å skaffe jobb) - Hjelp til å finne bolig. - Finna fritidsaktivitet.

Kor finn du oss?

Me held for det meste til på Ål og Gol videregåande skule, men kjem gjerne dit du er.

Kven kan bruke oss?

Ungdom fra 15-20 år, og samarbeidspartnere som er involvert kan kontakte oss ved behov.

Kor lenge skal me vera eit prosjekt?

Sommaren 2017 er prosjektet over, men målet er at dei gode løysningane då er innarbeida og fortset i skulane, kommunane og NAV

Vil du veta mer?  

Ta kontakt med oss:

Charlotte Haaland og Dag Stemsverk

40916466/charlotte.haaland@gol.kommune.no     40916459/dag.stemsverk@gol.kommune.no