Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit ledd i det førebyggjande arbeidet i kommunen. Det er og ei vidareføring i helsestasjonsarbeidet som held fram gjennom heile grunnskulen.

Helsesøster

Marry Viljugrein har ansvar for skulehelsetenesta.
Tlf: 977 00 945

Målet med skulehelsetenesta
•leggje til rette for eit godt samarbeid mellom elevane, heimen og lærarane for å forebyggje, identifisere og behandle sjukdom av psykisk eller fysisk art.

Skulehelsetenesta utfører pålatge oppgåver frå helsemyndighetene, som vaksinering, måling av vekt og høgde, syn- og hørselstest. Ved vaksinering vert det alltid innhenta samtykke frå føresatte i forkant.

Vaksinasjon foregår på 2. trinn, 6. trinn, 7. trinn og 10. trinn. Informasjon/tilbod om vaksiner gis skriftleg før vaksinasjon vert utført.

Vi samarbeider tett med lærarane og veileder/underviser i tema som både lærarane og vi meiner er aktuelle.

Skulehelsetenesta legg stor vekt på å vera eit "lågterskelstilbod" slik at elevane kan koma innom utan å ha avtale og prate med oss om "små og "større" ting som opptek dei.

Eksempel på tema:

  • Pubertet og seksualitet
  • Kjærlighet, kjærlighetssorg, forelskelse, seksuell legning
  • Kosthold og aktivitet, herunder spiseproblematikk
  • Andre bekymringar som elevar kan ha, for eksempel rundt vener/einsemd, problem heime eller på skula, tristhet utan grunn, eller at eleven har opplevd noko ho/han treng å prate om.

Skulehelsetenesta skal hjelpe born og unge med å ta vare på eiga helse. Me kan veileda/vera ein samtalepartner for foreldra.

Helsetenesta er ein del av det tverrfaglege samarbeidet på skula, og har bla. møter med lærarar og psykisk helse ved behov.