Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Psykisk helse

Psykiske problem rammar langt fleire enn dei fleste er klar over. Somme kan vera usikre på om dei skal be om hjelp eller ikkje. Dreiar det seg om ei psykisk liding eller er det ein naturleg reaksjon på livsbelastningar? Av og til har ein det så vondt at ein treng hjelp til å rydde opp i problema sine.

Er du usikker kan du gjerne ringe Psykisk Helsevern!

Ei psykisk liding gir seg ofte utslag på mange livsområder, både i forhold til seg sjølv, barn, heim og familie, og i forhold til dagleg fungering, utdanning, arbeid, bustad, fritid og sosialt liv.

Undersøkingar viser at over 800 000 nordmenn (ca. 20% av befolkningen får psykiske problem i løpet av livet, og ca. 400 av desse vil då bu i Hemsedal.

Det er viktig at den som slit snakkar med nokon, og ikkje held problemet for seg sjølv.

 

Hjelpetelefon og hjelpeweb

Her finn du oversikt over ulike hjelpetelefonar og nettstader for både barn og unge, vaksne og pårørande.

Mental Helse sin hjelpetelefon Tlf: 810 30 030

Nokre gonger vert utfordringane for store og nokre gonger kan det følast vanskelg å kome vidare. Kanskje treng du nokon å snakke med? Nokon som har tid til å lytte, og som kan gje deg råd og informasjon?

Hjelpetelefonen er eit døgnope tilbod - 365 dagar i året. Du kan òg ta kontakt gjennom nettidene www.sidetmedord.no

Bekymringstelefonen for vaksne og barn Tlf: 810 03 940

Telefonteneste for vaksne som har bekymringar eller spørsmål i forhold til barn og unge. Ope alle kvardagar.

Meir informasjon finn du på www.vfb.no

Kirkens SOS Tlf: 815 33 300

Ei døgnopen kristeneste. Kirkens SOS tilbyr ein anonym og uforpliktande samtale- på krisetelefon eller via SOS- melding over nettsidene www.kirkens-sos.no 

Røde Kors hjelepetelefon for barn og ungdom Tlf: 800 33 321

Røde Kors hjelpetelefon for barn og ungdom er eit grønt nummer for deg som er ung. Her er vaksne som har tid og lyst til å lytte og snakke med deg. Dei som svarar på telefonen er vant til å snakke med barn og unge. Du kan snakke med hjelpetelefonen om alt, enten du er glad eller trist, redd, lurer på noko eller du treng hjelp. Telefonen er open kvar måndag til ferdag frå kl. 14.00 til kl. 20.00. Du kan også ta kontakt på nett på www.korspahalsen.no

Homofiles ungdomstelefon Tlf: 810 00 277

HUT er Skeiv Ungdom sin hjelpe- og støttetelefon. Dette er eit lågterskeltilbod som skal vere tilgjengeleg for unge som treng nokon å snakke med om forelsking, seksualitet, sikrare sex kjønn, identitet, og aktivitetstilbod. Tenesta er open sundag til ferdag kl. 18.00- 22.00. www.ungdomstelefonen.no

Hjelpelina for speleavhengige Tlf: 800 800 40

Tusenvis av nordmenn er vortne avhengige av pengespel. Er du ein av dei? Eller kjenner du ein som spelar for mykje? Då kan du ringje Hjelpelina. Her vil du møte ein person som kan kan støtte mennesker i krise. Ved ringje Hjelpelina får du også informasjon om kva behandling som fins for speleavhengige. Samtalen er gratis. www.hjelpelinjen.no 

Arbeidslivstelefonen Tlf: 815 44 544

Arbeidslivstelefonen vert driven av Mental Helse og er til for deg som vil ha nokon å snakke med om dei små og store utfordringane i arbeidslivet.

Meir informasjon finn du på www.arbeidslivstelefonen.no