Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

NAV Hemsedal og Gol

Statens tjenester i NAV-kontoret

NAV har ansvar for et bredt spekter av tjenester og virkemidler til arbeidsgiver, arbeidstakere og arbeidssøkere. NAV har også ansvar for en rekke ytelser, som kompenserer for bortfall av inntekt eller for særskilte utgifter.

Ditt kontaktpunkt i forhold til disse tjenestene vil i all hovedsak være NAV Gol og Hemsedal. Du kan komme i kontakt med oss på telefon eller ved personlig henvendelse til kontoret. Ønsker du nærmere informasjon om de ulike tjenester og ytelser fra NAV, kan du besøke våre nettsider på www.nav.no. En rekke søknadsskjema er tilgjengelig for elektronisk utfylling og innsendelse

NAV Gol og Hemsedal

utfører oppgaver på vegne av kommunen og staten. Det lokale NAV-kontoret har ansvaret for følgende sosiale tjenestene:

• Økonomisk stønad (økonomisk sosialhjelp)

• Generelle råd og veiledning

• Kvalifiseringsprogrammet

• Midlertidig botilbud (nødsituasjon)

• Økonomisk rådgivning og gjeldsrådgivning

Kontakt oss

Tlf. 55 55 33 33

Besøks- og postadresse Hemsedal:
Hemsedalsvegen 2889, 3560 Hemsedal
Åpent mandag og onsdag kl. 10.00 - 15.00

Besøks- og postadresse Gol:
Gamlevegen 4, 3550 Gol
Åpent mandag til fredag kl. 10:00-1500

Det er mulig å avtale møter kvar dag mellom kl. 09.00 og 15.00.

 

Økonomisk sosialhjelp

 Før du søkjer om sosialhjelp må du først prøve alle andre moglegheiter til å sørge for eige livsopphald. Dette kan til dømes vera løna arbeid, studielån, sysselsetjings- eller opplæringstiltak, trygdeytelsar, formue, sal av gjenstandar, eller ved reduksjon av utgifter.

Korleis søkjer du sosialhjelp?

Dersom du treng økonomisk hjelp, kan du ringe eller vende deg til Nav Gol og Hemsedal i kommunehuset. Søknaden skal fyllast ut fullstendig. Ved manglande utfylling blir den sendt i retur. Alle inntekter, utgifter, gjeld og formue må dokumenterast.

Akutt hjelp

Sosialkontoret kan vanlegvis ikkje behandle ein søknad om sosialhjelp same dag. Sosialkontoret vil vurdere om det i spesielle høve er behov for akutthjelp.

Inntektsendring

Økonomisk sosialhjelp er behovsprøvd, og du må straks melde frå om alle inntektsendringar. Det medfører straffeansvar å ikkje gje fullstendige opplysningar eller ikkje å gje beskjed om endra inntekter, gjelds- eller formuesforhold.

Søknadskjema

Vilkår

Ved tilsagn om sosialhjelp kan det vera vilkår som tek sikte på å gjera mottakaren meir sjølvhjelpen.

Til dømes:

•Sosialtenesta stillar vilkår om arbeid og aktivitet for å motta stønad.
•Du må vera registrert som arbeidssøkjar. Nav Gol og Hemsedal kan gje rettleiing om dette.
•Du må ha sjekka eventuell rett til bustønad frå Husbanken. Informasjon om dette får du ved Nav Gol og Hemsedal
•Stadfesting frå Likningskontoret (skatteetaten):Har du pengar i banken, aksjar, leigeinntekter, kapitalvarer eller annan formue, kan Nav Gol og Hemsedal kreve at desse verdiane vert brukt eller selde før det kan ytast sosialhjelp.

Teieplikt

Alle tilsette ved Nav Gol og Hemsedal har teieplikt.

Innsynsrett

Du har rett til, med nokon unntak, å sjå dokumenta i di eiga sak. Dette vil du kunne få opplysning om ved å venda deg til Nav Gol og Hemsedal. Du har vidare krav på å bli orientert om gjeldande saksbehandlingsreglar.

Klage på vedtak

Du har rett til å klage på vedtaka som Nav Gol og Hemsedal gjer. Nav Gol og Hemsedal kan hjelpa deg med å setja opp klagen. Dersom vedtaket om avsalg blir ståande, blir saka automatisk oversend til Fylkesmannen. Fylkesmannen har det siste og avgjerande ordet i saka. Alle vedtak er skriftlege og med grunngjeving. Klagefristen er normalt 3 veker frå du har motteke vedtaket.

Klage på saksbehandlinga

Du har rett til å klage om du meinar du får dårleg behandling. Klagen sender du til NAV Gol og Hemsedal

Økonomisk rådgivning og gjeldsrådgivning

Målgruppa er personar med store gjeldsbyrder i høve til betalingsevna. Nav gir økonomisk rådgiving til dei som har betalingsproblem eller gjeldsproblem.

Rådgivinga kan vere
•hjelp til å setje opp eit realistisk budsjett
•omfatte forhandlingar med kreditorar
•hjelp til å inngå ein gjeldsordningsavtale.

Hvis du ønsker å snakke med en gjeldsrådgiver kan du ringe 800GJELD (800 45 353) eller chat med oss om økonomi. Denne tjenesten er åpen mellom 10:00 - 15:00 alle hverdager.

Du kan lese mer om de øvrige ulike tjenestene her.

Opplysning, råd og veiledning

Generelt har alle offentlege kontor plikt til å gje opplysningar, råd og veilledning om sin eiga virksomheit (Jf. forvaltningslova §11). NAV - kontoret har i tillegg ei utvida plikt til å gje opplysningar, råd og veilledning som ikkje berre er begrensa til eiget fagområde (jf. Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga).

Les meir om opplysning, råd og veiledning her.

Midlertidig botilbud (nødsituasjon)

Les meir om midlertidig botilbud her

Bustønad

Husbanken og NAV samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtaka, men det er NAV som behandlar søknadene og har all kontakt med deg som søkjar.

Vilkår og meir info

Alle over 18 år kan søkje bustøtte bortsett frå studentar og personar i førstegongsteneste. Du kan likevel søkje dersom du

•er student med barn

•er student utan barn og studiet er ein ledd i eit offentleg arbeidsretta tiltak

•er under 18 år og har eigne barn

Du må bu i bustaden du søkjer bustøtte for. Alle som bur i bustaden, må også vere registrerte i folkeregisteret.

Bustaden din må vere godkjend for heilårsbruk. Samstundes må bustaden ha eigen inngang, eige bad/toalett, og det må vere mogleg å kvile og lage mat der. Bur du i bufellesskap og har fått tilvist bustaden av kommunen, kan du likevel søkje bustøtte.

Det er sett øvre grenser for kor høgt inntektsgrunnlag du kan ha for å kunne få bustøtte.

Inntektsgrenser - Husbanken

Korleis søkje bustøtte?

Du kan søkje bustøtte elektronisk eller på papir. Søknadsfristen for bustøtte er den 14. kvar månad. Utbetalinga kjem omkring den 10. i månaden etter.

Søk bustøtte

Du må melde frå om endringar

Dersom du får samtykke om bustøtte, treng du ikkje søkje kvar månad. Men du må melde frå skriftleg til kommunen

•dersom det skjer vesentlege endringar i inntekt og formue (då må du sende inn eige skjema)

•dersom du/de flyttar til ein ny bustad (då må du også søkje på nytt)

•dersom ein eller fleire personar flyttar inn eller ut av bustaden

•dersom bukostnadene endrar seg

•dersom ein i huslyden blir student

Melde frå om endringar

Klage på vedtak om bustøtte

Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker frå du fekk melding om vedtaket. I nokre høve må du fylle ut eit eige klageskjema. Klagen skal du sende til kommunen.

Klage på vedtak om bustøtte

Ønskjer du å søkje bustøtte for komande månader, må du sende inn ny søknad til NAV.

Du finn meir informasjon om bustøtte på Husbankens bustøttesider

Lovar og reglar

Lov om bustønad

Forskrift om bustøtte

Flyktningetenesta

Flyktningstenesta har ansvar for busetting, kvalifisering og integrering av flyktningar. NAV Gol og Hemsedal har vorte tildelt ansvaret for busetting og oppfølging av flyktningar.

Du kan lesa meir om dette på IMDI sine nettsider.