Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Legetenesta

Legekontoret er ope frå kl. 08.30 -15.30.Tlf. 31 40 89 00

Viktige telefonnummer:

Nasjonalt legevaktsnummer: 116117
Livstruende skade eller sykdom: 113

Legetenesta i Hemsedal, opningstider

Legekontoret er ope frå kl. 08.30 -15.30.
Tlf. 31 40 89 00

Laboratoriet er ope frå kl. 08.30-13.30.

Lunsj fra kl. 11.30-1200, både resepsjonen og laboratoriet er da i utgangspunktet stengt.

Kor finn du legekontoret:

Hemsedal legekontor ligg i Hemsedal sentrum, like bak kommunehuset. Innkjøring frå Rv52 mellom kommunehuset og Expert. Det er skilta langs vegen.

Adresse: Hemsedalsvegen 2887

Hvis du treng hjelp med transport, ta kontakt direkte med legekontoret.

Nettside

Hemsedal legekontor har eiga nettside: www.hemsedallegekontor.no 

Der finn du informasjon om legekontoret og du kan bestille time eller resept heilt kostnadsfritt. Vi benytter Pasientsky, dei har også utvikla ein eigen app som kan lastes ned. For å logge deg inn på din pasientprofil, treng du BankID eller Buypass.

Betaling

Me har betalingsautomat som tar både kontant eller bankkort. 

Ved utskrift/tilsending av giro vil det bli lagt til eit gbyr på kr. 50,-. Me oppfordrer derfor alle til å betale kontant eller med bankkort. 

Legevakt og nasjonalt legevaktsnummer

Frå kl. 15.30 - 23.00 er det interkommunal legevakt Gol/Hemsedal. Det vil enten være base på Gol eller Hemsedal alt etter kven som har vakt. 

Frå kl. 23.00 - 08.00 er det interkommunal legevakt for heile Hallingdal på Hallingdal Sjukestugu på Ål.
Nasjonalt legevaktnummer: 116117
Dette nummeret gjeld over heile landet.

Ved å ringe 116117 vil du kome til legevakta der du oppheld deg uansett kor i Noreg du ringer frå. Nummeret fungerer både frå fasttelefon og mobil, og er gratis.

Legevakta skal berre nyttast til å dekke øyeblikkeleg hjelp som ikkje kan handterast av eigen fastlege.

Ring fyrst! Legevakta er ope for henvendingar heile døgnet. Du bør alltid ringje på førehand for å få ei vurdering av situasjonen.

Du unngår og unødig ventetid ved å få ein konkret timeavtale.

Ein kan også få hjelp til å organisere transport til legevakten, eller få gode råd som gjer legebesøk unødvendig, eller er nyttige til ein kjem fram til legen.

Når du treng legehjelp, kven skal du ringe?

• Fastlegen din i legekontorets opningstid.
• Legevakt 116117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente.
• 113 når det er akutt og står om liv

Transport til sjukehus

Helseekspressen:
• Køyrer daglege ruter til sentrale helseinstitusjonar.
• Rute 1: Geilo - Ringerike sykehus - Radiumhospitalet - Rikshopsitalet
• Rute 2: Geilo - Sykehuset Buskerud (Drammen) - Radiumhospitalet – Rikshospitalet

For bestilling av plass eller andre spørsmål om transport ring: 05515
For meir informasjon: www.helsenorge.no

Legeteneste

Besøksadresse:

Hemsedalsvegen 2887
3560 Hemsedal

Posadresse:


Telefon: 31 40 89 00

Legesenteret

Besøksadresse:

Hemsedalsvegen 2887
3560 Hemsedal

Telefon: 31408900