Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kreftkontakt

Kreft fører ofte til store endringar i livet. Tankar og uro rundt behandling, økonomi og praktiske utfordringar er vanleg.Når eit menneske får kreft påverkar dette også dei pårørande. Familiens liv påverkast sosialt og følelsesmessig. I ulike behandlingsfasar, i livssituasjonen generelt kan det vere behov for ein kontaktperson i kommunen. Kreftkontakten skal vere tilgjengeleg for kreftpasientar, pårørande, helsepersonell og andre aktuelle i Hemsedal kommune.

Kreftkontaka kan bistå med:

• Informasjon knytt til behandling, diagnose, rehabilitering, lindring og omsorg ved livets slutt
• Råd, rettleiing, informasjon og støtte til pasientar og pårørande
• Samarbeid med heimesjukepleie, fastlege, sjukehus og andre fagpersonar
• Kreftkontakten kan vere eit bindeledd mellom kommunen og sjukehuset, og kan da bidra til heilskapleg kreftomsorg
• Heimebesøk hos pasient og pårørande for samtale og rettleiing

Oppfølging og samtale med barn og unge som er pårørande

 

Kontaktinformasjon

Kreftkontakt Elianne Ulsaker kan treffast på dagtid måndagar på telefon 95986417 og på e-postadresse elianne.ulsaker@hemsedal.kommune.no.

For anna samarbeidande helsepersonell kan det sendast e-link eller PLO til Hemsedal kommune.