Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Korttidsopphald på sjukeheim

Korttidsopphald på sjukeheim

Korttidsopphald kan tildelast for rehabilitering, observasjon og medisinsk vurdering som ikkje krev sjukehusinnlegging. Opphald kan forlengast til potensialet vert vurdert som nådd.

Søknadsskjema

Kvifor?

• Tenesta skal nyttast for å utgreia tenestemottakaren si evne til eigenomsorg, og for å vurdera behov for framtidige tenester/tenestenivå.

• Tenesta vert nytta i ein avgrensa periode for tenestemottakarar som på grunn av sjukdom/endring i funksjonsnivå treng omfattande tilsyn og hjelp.

• Brukar opprettheld og/eller trenar opp funksjonar.

• Medisinsk utgreiing og/eller behandling.

• Rehabilitering.

• Førebyggjing og lindring av fysiske og psykiske symptom.

Kriterium for tildeling

• Pasientar som for ein tidsavgrensa periode treng døgnkontinuerleg observasjon, vurdering, pleie, behandling, tilsyn og/eller opptrening/rehabilitering, eller omsorg ved livets slutt. Det vil alltid verta vurdert om naudsynt helsehjelp kan bli gjeven på ein fagleg forsvarlig måte i heimen. Ved behov for observasjon og vurdering må det først avklarast om behovet er av ein slik art at naudsynt helsehjelp må ytast av spesialisthelsetenesta.

• Brukarar som har ein kronisk sjukdom med dødeleg utgang, og har behov for eit kortare/lengre opphald i samband med:

  • Observasjon og vurdering av medisinsk behandling.
  • Observasjon og oppfølging av palliativ (lindrande) behandling. 
  • Eige ynskje om å avslutta livet på sjukeheim.

Lovgrunnlag

Korttidsopphald i institusjon er lovpålagt med heimel i Helse- og omsorgs-tenesteloven § 3-2 punkt 6, bokstav c.

Kva får du?

• Brukarane får individuell observasjon, pleie, behandling og rettleiing, der målet er at dei skal greie mest mogeleg sjølv.

• Medisinsk behandling og pleie ved sjukdom.

• Tverrfagleg oppfylgijng frå bl.a. lege, fysioterapeut og ergoterapeut. Tilsynslege kan tilvisa til fysioterapeut og spesialisthelseteneste ved behov.

• Tilrettelegging for at brukar har naudsynte hjelpemidlar.

• Vurdering av tilstand og funksjonsnivå med tanke på behandling, tiltak og framtidige omsorgsbehov.

• Etterbehandling frå sjukehus.

• All pleie og omsorg vert gitt i samarbeid med autorisert helsepersonell.

• Legemiddelhandtering vert utført av autorisert helsepersonell etter føreskriving av lege.

• Tilbod om å delta på sosiale aktivitetar ved institusjonen.

• Fri transport til behandling hjå spesialisthelsetenesta.

• Tidsavgrensa opphald vert ikkje automatisk eit langtidsopphald sjølv om behovet for hjelp aukar. Eventuell forlenging av opphald skjer etter ei tverrfagleg vurdering.

• Pasientar med behov for langvarige og koordinerte tenester skal få tilbod om å få utarbeidd ein individuell plan jf. Lov om pasientrettigheter § 2-5, jf. Helse- og omsorgstenesteloven § 7-1, individuell plan.

• Pleie og omsorg ved livets slutt.

Kva må du gjera?

• Søkja helse og omsorgsavelinga om korttidsopphald i institusjon.(eige skjema)

• Ta kontakt ved behov for informasjon, råd, rettleiing og ev. ved klage.

• Gjere deg kjend med innhaldet i vedtaket.

• Den enkelte brukar utfører det han/ho meistrar sjølv.

• Ta ansvar for verdisaker som tvert tekne med til institusjonen.

• Sørgje for at private klede er merka.

• Sørgje for transport og betaling til og frå institusjonen.

Kva koster det?

Vederlag for opphaldet vert krevd ihht. ”Forskrift for vederlag for opphald i institusjon”, jf. Helse- og omsorgstenestelova § 11-2.

Kontaktinfo

Hemsedal Bygdaheim Tlf: 31 40 88 60

Heimebaserte tenester tlf: 917 24 986

Koordinerande eining  E-post: Koordinerande eining

Helse og omsorgsjef  Borghild Moen (epost)

Konsulent Kirsten Marie Brenno (epost)

Avdelingsleiar Hemsedal Bygdaheim Hege Strand Føynum (epost)

Avdelingsleiar Heimebaserte tenester Line Strandberg (epost)

Kvalitet - og fagutvikler Henrik J. Thorset (epost)