Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Koordinerande eining

Hemsedal har ei koordinerande eining (KE) som skal sørge for at tenestene (støttekontakt, avlasting med meir) til deg som mottaker vert sett i samanheng.

Meldeskjema

Tiltaka som vert sett i verk skal ha kontinuitet. Me som koordinerande eining skal bidra til at dei ulike som tilbyr tenestene samarbeider og legg til rette for at du som mottakar kan vera med å planlegge og organisere habiliterings- og rehabiliteringsperioda.

Koordinerande eining skal:


•sørge for at tenester vert sett i samanheng.
•sikre kontinuitet i tjenesteytinga.
•bidra til at tjenesteytarane samarbeider om planlegging og organisering av tilboda.
•legge til rette for brukermedverknad.

Les meir på helsedirektoratet sine nettsider om koordinerande eining.

Koordinerande eining omfattar desse tenestene:


•Støttekontakt/ fritidskontakt
•Brukerstyrt personlig assistent (BPA)
•Omsorgslønn
•Privat og offentleg avlasting
•Individuell plan
•Kontaktpunkt for spesialisthelsetenesta
•Transportteneste (TT-kort) - (Transport for funksjonshemma)
•Parkerings- / ledsagerbevis
•Demensteam
•Saksbehandling
•Kartlegging av hjelpebehov

BPA- brukerstyrt personlig assistent

Brukerstyrt personlig assistent (BPA) er ein ordning som er særleg tilrettelagt for menneske med omfattande funksjonsnedsettingar. I prinsippet omfattar ordninga de same tenestene som ordinære helse- og omsorgstenester - som bistand til stell, pleie, måltider, fritidsaktiviteter og alle andre nødvendige kvardagslege gjøremål.

Info om BPA - Helse Norge

 

Omsorgsløn

Omsorgsløn er kommunal betaling til pårørande med omsorg for personar som har særleg omsorgsbehov på grunn av alder, funksjonshemming eller sjukdom. Kravet for å søkje om omsorgsløn er at omsorgsarbeidet foregår i eigen heim.

Omsorgsbehovet er grunnlag for vurdering av søknad.

Behovet vert vurdert ut frå desse kriteria:

  • om du arbeidar mange timar pr månad med omsorgsarbeid
  • om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk belastande enn vanleg
  • om omsorgsarbeidet føre til mykje nattarbeid eller avbrot i nattesøvnen
  • om omsorgsarbeidet fører til sosial isolasjon og mangle på fritid

Har du spørsmål vedrørande omsorgsløn kan du kontakte koordinerande eining mandag til fredag kl. 08.00 - 15.00 på tlf: 916 66 845  


Følgjekort (ledsagerbevis)

Har du behov for følgje eller assistanse for å kunne gå på offentlege arrangement kan du søkje på følgjekort.

Eit følgjekort gjer det mogleg å ta med seg ein ledsager utan ekstra kostnadar på offentlege kultur- og fritidsarrangement og på transportmidlar der ordninga gjeld. Den funksjonshemma betalar gjeldande prisar.

Info om følgjekort - Helse Norge

Søknadsskjema følgjekort

Parkeringsløyve

Parkeringsløyve for funksjonshemma gir i samband med transport av den som har fått løyve, lov til å parkere kjøyretøy i heile landet på reserverte parkeringsplassar for bevegelseshemma merka med offentleg trafikkskilt.

Beviset gir ôg rett til å parkere avgiftsfritt og utover lengste fastsette parkeringstid. Bevis blir gitt til personar som har ein bevegelsesshemming og evt. til organisasjonar som transporterer bevegelseshemma.

Info om parkeringsløyve - Helse Norge

Søknadskjema

NB: her skal det følgje med ei legeerklæring som seier at hensyn til helsetilstand treng parkerinsløyve.

Søknadskjema (generell søknadskjema)

Søknad om tjenester

Kontaktinfo

Heimebaserte tenester tlf: 917 24 986

Koordinerande eining  Koordinerande eining (epost)

Helse og omsorgsjef  Borghild Moen (epost)

Konsulent Kirsten Marie Brenno (epost)