Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Jordmortenesta

Svangerskapsomsorga i Hemsedal kommune er eit samarbeid mellom kommunejordmor, legane ved Hemsedal legekontor og Helseforetaket Vestre Viken. Kontrollane er bygd opp etter Nasjonal faglege retningsliner og med ei individuell tilpassing.

Jordmorvakt/følgeteneste til sjukehus

Det er vaktsamarbeid mellom jordmødrene i Hemsedal, Gol og Nes/Flå. Vaktliste blir gitt til gravide, legevakta, AMK sentralen og ambulanse.

Er ikkje jordmor å få tak i, ta kontakt med legevakta, 116117

Vaktliste jordmor 

 

Den gravide m/partner er velkommen til kontroll hjå jordmor eller fastlege

 

Oversiktstabell

Veke  Kontroll   Type kontroll

Veke   8 – 12       lege

Veke  12 – 16      jordmor

Veke  17 - 19      ultralyd

Veke  20              jordmor

Veke  24              jordmor

Veke  28              lege/jordmor

Veke  32              jordmor

Veke  36              jordmor

Veke  38              lege/jordmor

Veke  40              jordmor

Veke  41              overtid på fødeavdeling

 

Timebestilling:

Jordmor: 31 40 88 15 / 970 58 815

Hemsedal legekontor: 31 40 89 00

Jordmor arbeider på helsestasjonen: tirsdag, onsdag, torsdag og fredag 08.00-16.00.

Ta med helsekort og morgenurinprøve til alle konsultasjonar.

 

Ultralyd

Alle gravide får tilbod om ultralyd undersøking i svangerskapet i veke 17 – 19 nede på Ringerike sjukehus. Legen sender søknad om time etter fyrste legebesøk. Du får tilsendt time og det er ultralydjordmødrene som utfører screeningen. Ultralydscreening er eit frivillig tilbod. Du får med skjema som skal følgje helsekortet.

 

Helsekort for gravide

Helsekortet er eit viktig dokument, som du har med deg på kontroll hjå jordmor, lege, ultralyd, til fødeavdelinga og når du er ute på reise. Her føres opplysningar som er relevante for svangerskapet og fødselen.  

Blodprøver

Ved fyrste besøk hjå lege blir det tatt ein del viktige blodprøver. Blodtype, antistoffer, HIV, lues, syfilis. Svaret får du tilsendt, eller ved neste besøk hjå lege/jordmor.

For den som er Rh neg, blir det tatt kontrollprøver i veke 32 og 36, desse dokumenta skal du oppbevare saman med helsekortet og ta med til fødeavdelinga.

 

Fødsel og foreldreførebuande kurs

Helsestasjonen tilbyr fødsels- og foreldreførbuande kurs med jamne mellomrom. Alle foreldre får tilbod om å delta, og det blir halde av helsesyster, fysioterapeut og jordmor.

På kursa vil du bli kjent med andre gravide, samt kunne delta i - få kunnskap om aktuelle tema som td:

  • fødsel – barseltid – amming
  • det å bli foreldre – familie med barn – søsken
  • vera par før og etter fødsel
  • fysiske aktiviteter  - avspenning

Tematreff

Helsestasjonen inviterer kravide og småbarnsforeldre til sosialt samver med ulike tema som;

  • søvnvanar
  • trim med og utan barn
  • samlivsutfordringar
  • babymassasje
  • førstehjelp

Kanskje ber me med ein "spesialist" og utvekslar erfaringar etterpå.

Overtidskontroll

Alle gravide får tilbod om kontroll i spesialisthelsetenesta 7 dagar over termin. Her blir det gjort vanleg svangerskapskontroll, ultralyd og CTG-undersøking, samt ev vaginal undersøking.

 

Frisklivstrening

  • frisklivsresept
  • bra mat kurs
  • tobakksfri Kurs
  • diabeteskurs
  • frisklivsløpet

Ta kontakt med frisklivskoordinator Tordis Neteland på tel 3140 88 18 / 970 58  818

Sjå Hemsedal Friskliv 

Heimebesøk

Jordmor kjem på heimebesøk til alle i løpet av den fyrste veka etter heimkomsten. Helsesøster kjem vidare etter behov. Den fyrste kontrollen for barnet på helsestasjonen er 6 veker etter fødselen. Der møter du både lege og helsesøster.

Etterkontroll

Etterkontrollen for mor er 6 – 8 veker etter fødselen. 

Bestill time hjå eigen lege og hugs å ha med urinprøve.

 

Utstyr til leige

Elektriske brystpumper. Eingangssett må kjøpast.

 

Ettertreff – barselgrupper

Alle som har født blir invitert til ei samling på helsestasjonen. Dette håper vi blir starten på barselgrupper som de tek ansvaret for å drive vidare. Målsettinga er å styrke nettverket til småbarnsforeldre.

 

Nyttige lenker:

Graviditet -  fødsel og barsel

Kostråd til gravide  

Svangerskap, fødsel og adopsjon - NAV.no

Føde/barselseksjon, Ringerike sjukehus

 

Kontaktinformasjon

Opningstid: onsdag, torsdag og fredag: 08.00 - 16.00

Jordmor i Hemsedal               

Rine Flatland

Hemsedal helsestasjon

Hemsedalsvegen 2887

3560 Hemsedal 

 

Telefon:                                            Epost: Hemsedal helsestasjon

Arbeid: 3140 8815

Mobil: 970 58 815

Privat: 477 55 644

 

Fødeavdelinger

Ringerike sjukehus                        tel 03525

Drammen sjukehus                       tel 03525

Hallingdal sjukestugu                    tel 03525

 

Les meir:

Helsedirektoratet

Lov om kommunale helse og omsorgstenester

Lov om pasientrettigheter

Lov om helsepersonell