Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Hemsedal Bygdaheim

Målsetting:

Bygdaheimen skal gje eit tilbod som er individuelt tilpassa og som fremmer bebuarane sin livskvalitet.
Ved innflytting vert det sett opp ei avtale med målsetting for opphaldet og korleis ting skal ordnast for deg og dine pårørande.

Hemsedal Bygdaheim har i dag:
· Doktor kvar torsdag, legevisitt
· Tannlege / tannpleier etter behov
· Fysioterapeuter
· Andakt kvar andre veke. Dersom du ynskjer vitjing av prest utan om dette, vil  personalet hjelpe til med å formidle kontakt.
· Aktivitetar og tilstellingar av ulike slag
· Minikiosk i resepsjonen
· Frisør: kjem etter avtale  - brukaren betalar dette sjølv
· Fotpleie: kjem etter avtale - brukaren betalar dette sjølv

Fleksibel frukost frå kl. 08.00 - 10.00 måndag - fredag
Felles frukost kl. 09.30 laurdag og sundag
Dugurd kl. 13.00
Middag kl. 16.15
Kaffi kl. 18.00

Vi har felles måltid for alle i spisesalen. Dei som har behov for det, får mat på rommet.Utover desse faste måltida blir det servert mat ved behov og det vert laga diettmat til dei som har behov for det.

Betaling for opphaldet skjer etter gjeldande reglar fastsett av Sosialdepartementet.

Alle vi på Hemsedal Bygdaheim vil med dette ynskje deg velkommen til å bu her.

Kontaktinfo

Hemsedal Bygdaheim Tlf: 31 40 88 60

Heimebaserte tenester tlf: 917 24 986

Koordinerande eining  E-post: Koordinerande eining

Helse og omsorgsjef  Borghild Moen (epost)

Konsulent Kirsten Marie Brenno (epost)

Avdelingsleiar Hemsedal Bygdaheim Hege Strand Føynum (epost)

Avdelingsleiar Heimebaserte tenester Line Strandberg (epost)

Kvalitet - og fagutvikler Henrik J. Thorset (epost)

Kjøkkensjef Hanne Solheim (epost)

Kreftkontakt Magnhild Hustad (epost)