Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Helsetenester i heimen

Helsetenester i heimen - heimesjukepleie. Heimebuande personar med trong for nødvendig helsehjelp for å ivareta grunnleggjande behov ved kort- eller langvarig funksjonssvikt.

Det er ein mål å leggje til rette for at brukarar som ynskjer å bu lengst mogleg i heimen skal kunne gjere det.

Kvifor?

• Brukar vert buande heime med nødvendig helsehjelp og får ivareteke grunnleggjande behov ved kort- eller langvarig funksjonssvikt.

• Førebyggja behov for heildøgns bustadtilbod ved å leggja til rette for at brukarane kan få bu lengst mogeleg i eigen heim. Brukar vil kunne få rettleiing og opplæring som gjer at vedkommande i størst mogeleg grad vert sjølvhjelpen i forhold til dagliglivet sine ulike gjeremål.

• Den som mottar tenesta skal klara mest mogeleg sjølv og bli minst mogeleg avhengig av hjelp.

Kriterier for tildeling

Helsetenester i heimen vert tildelt dei som oppheld seg i kommunen og som fyller vilkåra for å få nødvendige helse- og omsorgstenester. Tenesta vert tildelt for å hjelpa den som av fysiske og/eller psykiske årsaker ikkje greier å ivareta eigen livssituasjon eller helse på ein forsvarleg måte. Det vert vurdert om brukar må ha hjelp av helsefagleg personell til:

• personlig stell og hygiene

• rørsle og mobilitet

• oppretthalda ernærings- og væskebalanse

• nødvendig aktivitet, søvn og kvile

• respirasjon, sirkulasjon og varmeregulering.

Vidare vert det vurdert om ein har behov for:

• hjelpemidlar

• rehabilitering

• psykisk helsearbeid

• miljøarbeid

Lovgrunnlag

Helsetenester i heimen er heimla i Helse- og omsorgstenesteloven §§ 3-1 og 3-2 punkt 6, bokstav a og omfattar ulike helsetenester som vert ytt i heimen, her under sjukepleie, miljøarbeidarteneste og psykisk helseteneste.

Tenesta sitt innhald

• Når søknad er motteken vil tildelingskontor ta kontakt for avtale om heimebesøk eller samtale.

• Dersom det oppstår akutt behov for nødvendig helsehjelp vil hjelpa verta sett i gang og kartlegging vil verta utført etterpå. Vedtak vert fatta så snart som mogeleg.

• Brukar får beskjed seinast same dag dersom avtalar må endrast.

• Tenesteytar vil samarbeida med brukar om utføring av tenesta.

• Tenesta vert organisert på ein slik måte at det vert freista å ha færrast mogeleg tenesteytarar, det vil sei primærsjukepleie.

• Alle som mottar helsetenester i heimen ein gang i månaden, i meir enn 3 månader har rett til fri tannbehandling ved offentleg tannklinikk. Personar med rusavhengigheit har rett til tannbehandling ved offentlig tannklinikk.

• Personalet har ikkje høve til å ta i mot personlege gåver.

Kva må du gjera?

• Søkja tildelingskontoret om tenesta.

• Gjera seg kjend med innhaldet i vedtaket.

• Brukar må vera tilstade i heimen for å ta i mot tenesta. Det er ein føresetnad at brukar gir beskjed dersom han/ho ikkje er heime til avtalt tid.

• Når brukar mottek tenester i heimen vert heimen automatisk tenesteytar sin arbeidsplass. Det vert forventa at brukar bidreg til å skape ein god arbeidsplass for tenesteytar jf. vedtektene i arbeidsmiljølova.

• Det er brukar sitt ansvar at heimen er utstyrt med nødvendig og tilpassa utstyr for eksempel neglesaks, toalettsaker og temperaturmåler til utføring av arbeidsoppgåvene.

• Brukar må sørgja for at vegen er framkomeleg og trygg uansett årstid.

• Det må vera lys utandørs slik at det er lett å finna fram.

• God hygiene er viktig for både brukar og tenesteytar. Det skal det vera flytande såpe og tørkepapir tilgjengelig.

• Nødvendig tilrettelegging i bustaden må aksepterast, f.eks. hjelpemidlar og ommøblering.

• Når det vert søkt om bistand til å administrere medisin må brukar samtykkja til at medikamenthandteringa føregår i samsvar med ”prosedyre for legemiddelhandtering til heimebuande”.

• Forståing for at akutte situasjonar kan oppstå slik at oppdrag kan verta utsatt. Oppgåver som IKKJE inngår i tenesta

• Brukar som treng akutt medisinsk/kirurgisk og psykiatrisk behandling, skal visast til spesialisthelsetenesta.

• Fylgje til lege og korttidsopphald på sjukeheim.

• Skyss/ transport i bil.

Kva kostar det?

Det er ikkje eigenbetaling for helsetenester i heimen.

Slik søker du:

Søknadskjema

1. Last ned søknadsskjema om helse- og omsorgstjenester

2. Beskriv behovet ditt for hjelp

3. Send inn søknadsskjema til tildelingskontoret i vanlig post.

Kontaktinfo

Hemsedal Bygdaheim Tlf: 31 40 88 60

Heimebaserte tenester tlf: 917 24 986

Koordinerande eining  E-post: Koordinerande eining

Helse og omsorgsjef  Borghild Moen (epost)

Konsulent Kirsten Marie Brenno (epost)

Avdelingsleiar Hemsedal Bygdaheim Hege Strand Føynum (epost)

Avdelingsleiar Heimebaserte tenester Line Strandberg (epost)

Kvalitet - og fagutvikler Henrik J. Thorset (epost)