Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Helsestasjon

Helsestasjonen held til i helsesenteret, samme bygg som legesenteret.Hilde Bakke Jensen har ansvar for barn 0-5 år. Helsestasjonen er open frå kl 08.00-16.00.

Helsestasjonen er ein plass der du kan:


•Få støtte, rettleiing og råd i forhold til det å vere foreldre.
•Drøfte spørsmål som har med barnet ditt å gjere.
•Barnet blir vegd og målt for å sjå at det trivest og veks.  
•Alle barn får tilbod om gratis vaksinasjon i samsvar med det norske vaksinasjonsprogrammet.

Vi vil i samarbeid med dykk undersøkje at barnet er friskt og at det utviklar seg som det bør når det gjeld t. d. språk, motorisk utvikling og sosial kontakt. Av og til kan det vere nødvendig at barnet blir henvist til spesialist eller til sjukehus.

Dei første 12 mnd  tilbyr vi kontrollar mest kvar månad. I løpet av dei første vekene etter at barnet og foreldra har kome heim etter fødselen, kjem vi på heimebesøk. Seinare kjem foreldre og barn til individuelle konsultasjonar på helsestasjonen hjå helsesøster og lege.

Foreldre kan ha behov for å ha oftare kontakt enn dei oppsette besøka, ikkje ver redd for å ta kontakt.

Oversikt over kontrollar på helsestasjonen:
Alder Type besøk Tema
1-3 dager etter heimreise Heimebesøk av jordmor  
1 veke etter heimreise Heimebesøk av helsesøster  
4 veker Helsesøster  
6 veker Helsesøster og lege Vaksine 
3 mnd Helsesøster Vaksiner
4 mnd Helsesøster og fysioterapeut  
5 mnd Helsesøster Vaksiner
6 mnd Helsesøster og lege  
7 mnd Helsesøster  
8-9 mnd Helsesøster  
10 mnd Helsesøster  
1 år Helsesøster og lege Vaksiner
15 mnd Helsesøster Vaksiner
18 mnd Helsesøster  
2 år Helsesøster og lege  
4 år Helsesøster  
Skulestart Helsesøster og lege  

Jordmortenesta

Meir info ang jordmortenesta

Jordmor 

Treng du jordmorhjelp akutt - ta kontakt med legevakt 116117, de har oversikt over vakthavende jordmor. 

Div. treff, kurs og utlån

Barselgrupper


•Grupper som helsestasjonen er med på å starte, men som foreldra driv vidare sjølve.
•Bli kjent med andre som er i samme situasjon som ein sjølv, og ein kan ta opp tema som gjerne er av interesse for fleire.

 

Tematreff


•Helsestasjonen  inviterer småbarnsforeldre.
•Tema som søvnvanar, babymassasje, førstehjelp og liknande.
•Kanskje ber vi med ein "spesialist", og utvekslar erfaringar etterpå.
•Sosial treffstad.

Utleige av barneutstyr


•Elektriske brystpumper.

Foreldrerettleiingsgrupper (ICDP)


•Helsestasjonen tilbyr foreldre å møtast for å dele erfaringar, drøfte gleder og utfordringar når det gjeld forhold mellom barn og foreldre. 
•Målsettingen er at foreldre kan finne tryggleik og anerkjenning på at dei er gode foreldre ved å bli meir bevisst på kva som er bra for barna.

Godt samliv


•Fokus på parforholdet.
•Småbarnsperioden er slitsam for mange par.
•Betydning for barna korleis foreldra har det saman. 
•Godt samliv hjelper par til å ha større glede av forholdet sitt, finne tilbake til gleda og spenninga frå dei først vart saman.
•Fokus på kommunikajon, problemløysing og forebyggjing av vanskelege situasjonar.

Tverrfagleg samarbeid


•Er det noko ved barnet de eller vi på helsestasjonen lurer på har vi samarbeid med bl. a. PPT, fysioterapeut, barnelege.
•Ved behov har vi også kontakt med psykisk helsevern, familiekontoret, barnevernstenesten eller barnehagen.

Helsesenteret

Besøksadresse:

Hemsedalsvegen 2887
3560 Hemsedal

Posadresse: