Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Fysioterapi

Fysioterapi inngår som ein del av helsetilbodet til Hemsedal kommune og er ei lovpålagt teneste.

Arbeidsområdar for fysioterapitjenesta:

• Helsefremmande og førebyggjande arbeid

• Behandling

• Habilitering/rehabilitering

• Hjelpemidlar

• Gruppetrening

Mål for fysioterapitjenesta:

• befolkninga tek ansvar for eiga helse.

• omfang og konsekvensar av skadar, belastningslidingar, livsstilsjukdommar og psykiske lidingar reduserast og at sjukefråværet gjeng ned.

• dei med medfødde eller ervervede funksjonshemningar gjenvinn, beheld og utviklar  si funksjonsevne og opplev deltaking og mestring.

• behovet for omsorgsteneste heime og i institusjon unngås eller utsetjast ved at brukar opprettheld funksjonsevna.

• fysioterapitenesta skal vere ei serviceretta og effektiv teneste med høg fagleg kvalitet. Tenesta gir tilbod til brukarar  i heile livslaupet, frå nyfødd til dei eldste.

Fysioterapeut med driftstilskot:

Fysioterapeut med driftstilskott inngår som ei del av helsetilbodet til kommuna. Tenesta kan blant anna bidra med:

• Undersøking

• Funksjonstrening/motorisk vurdering

• Utforming og oppfølging av tiltak

• Behandling

• Gruppetrening

• Opptrening etter medisinske inngrep

• Veiledning, informasjon og undervisning  

Målgruppe

Tilbodet gis til personar som har vore utsett for skade, personar med belastningslidingar og kronisk sjuke.

Kriteria/vilkår

Behandling gis etter henvisning frå lege, manuell terapeut eller kiropraktor. Den enkelte må sjølve henvende seg til helsesenteret v/ fysioterapi eller tlf.: Anna Pedersen 412 89 486

Aktivitetstilbod:

Her er ein oversikt over tilbod til brukarar. Påmelding til Instruktør:

Marianne Intelhus: 900 20 277

Katrine Gabrielsen: 94793793

Tordis Neteland: 97058818

Synnøve vågen Vensås: 90126409

Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag
         

11.00
Trim for bebuarar på Bygdaheimen og heimebuande

 30 min

Intruktør Marianne

   

10.00
65+

60 min

Instruktør Tordis

11.00
Trim for bebuarar på Bygdaheimen og heimebuande

30 min

Intstruktør Marianne

     

11.00
65 +

60 min

Instruktør Marianne

 

12.00
Bassengtrening

(fom 19sept.2016)

40 min

Instruktør Synnøve

 

13-14

Barseltrening

(fom 7sept.2016)

Treningssalen i kjellaren på Bygdaheimen

Instruktør Katrine

12.30 

65+

60min

Instruktør Katrine

 

Pris for tenesta

Trygden yter heil eller delvis støtte til dekning av utgiftar til undersøking og behandling hos fysioterapeut med driftstilskott. 

Pasientar  betalar eigenandel avhengig av diagnose. 
Behandling er gratis for barn under 12 år.
Voksne og barn over 12 år, betalar eigenandel frem til ein har nådd beløpsgrense for frikort frå folketrygda.
Nokre diagnosar gir rett til fri behandling.

Eigenandel kan betalast med kort 

 

Egenandeler_2016

Utlån av hjelpemidlar

Korttidsutlån

Dersom du bur eller opphald deg i kommuna og har behov for hjelpemidlar i ei kortare periode, kan du låne dette av fysioterapitjenesta.

Eksemplar på hjelpemidlar er:

• krykkjer

• rullator

• toalettforhøyar

• badekarbrett

• toalettstol

• dusjkrakk

• manuell rullestol.

Lånetida er 3 månader, med muligheit for forlengelse.

Langtidsutlån


Har du varig (over 2 år) behov for hjelpemidlar, ta kontakt med fysioterapiavdelinga som sørgjer for utreiing og søknad vidare til NAV Hjelpemiddelsentral Buskerud.

Hjelpemiddelbehovet vurderast av ein fysioterapeut saman med brukar og/eller pårørande.

Terapeuten i kommuna har ansvar for å begrunne hjelpemiddelbehovet i søknaden (som dei sender til NAV Hjelpemiddelsentral Buskerud), og for at opplæring i bruk av hjelpemidlane blir gjeve.

Vi gjer oppmerksom på at det kan ta fleire veker eller månader å få hjelpemidler fra NAV Hjelpemiddelsentral Buskerud.

Vaktmeistar  eller fysioterapeut tek kontakt med brukar/pårørande når hjelpemidla er komne.

Kontakt

Marianne Intehus: 900 20 277 (mandag-fredag) marianne.intelhus@hemsedal.kommune.no

Kathrine Gabrielsen: 947 93 793 (mandag - fredag) katrine.gabrielsen@hemsedal.kommune.no

Synnøve Vågen Venås: 901 26 409 (mandag- torsdag) svv@hemsedal.kommune.no

Tordis Neteland: 31 40 88 18/ 970 58 818 (mandag - torsdag) tordis.neteland@hemsedal.kommune.no

Div lenker

Kva er fysioterapi

 

Hjelpemiddelsentralen i Buskerud