Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Friskliv

Besøksadresse:

Imrevegen 30
3560 Hemsedal

Kontaktperson: Tordis Neteland

Telefon: 31 40 88 18 / 970 58 818

Friskliv - Hemsedal

Friskliv Hemsedal har sitt utspring i ei partnertskapsavtale mellom Buskerud Fylkeskommune og Hemsedal kommune.

Prioriterte satsingsområde

1.Fysisk aktivitet
2.Psykisk helse
3.Kosthald
4.Tobakksfri kvardag

Frisklivsresept

•Ein Frisklivsresept er for 3 månader. Eigenandelen er på kr. 345,-

•Eigenandelen inkluderar deltaking på gruppetreningar

•Eigandelen er fastsett av kommunestyret i gebyrregulativet.

•Ein kan oppsøke Friskliv sjølv, eller bli henvist av lege, andre helsetenestar eller av NAV.

 

Frisklivsentralene i Hallingdal

Samarbeider om ulike tiltak som t.d.

•BraMat kurs
•Tobakksfrikurs
•Kompetansehevende kurs i Kols. Prosjekt gjennomført våren 2015, med midlar frå Fylkesmannen i Buskerud
•Gjennomført Diabeteskurs 1. og 2 halvår  i 2014, med midlar frå Fylkesmannen i Buskerud

 

Frisklivsløpet

Frisklivsløpet er eit lågterskeltilbod som Friskliv i Hallingdal har arrangert frå 2013. I 2015 var løpet i Hemsedal. I 2017 blir løpet arrangert på Geilo, laurdag 9.september. Sjå vedlegg for meir informasjon.

Plakat Frisklivsløpet 2017.pdf

Løypekart 4km.pdf

Løypekart 2,2 km.pdf

 

Treningsgrupper:

Frisklivsgruppe - eit tverrfagleg tilbod

Tilbodet er for vaksne personar som er brukarar av tverrfaglege kommunale helsetenestar. Fokus på individuell oppfølgning og fysisk aktivitet i ei mindre gruppe i en 3 månaders periode.

Målet er ein meir aktiv og sunn livsstil, og at du i auka grad meistrer å ta vare på eigen helse. Ei individuell vurdering om deltaking føretas basert på eigen motivasjon, evne til deltaking i ei gruppe, samt andre omsyn.

Ta gjerne kontakt om du vil vite meir om kva tilbodet går ut på.

 

Trim for godt vaksne 65+

Om du ynskjer å vere med ta kontakt med Friskliv for å høyre kva gruppe du kan vere med i. Tilbodet er gratis.
Vi oppfordrar alle til og være med kvar torsdag. Jo fleire gonger du deltek, jo betre utbytte!

Målet er at ein skal bli fysisk sterkare, forbetre balansen og bli meir uthalden, samt å ha det morosamt i lag! Du treng ikkje vere i god form, men ver villig til å bli andpusten og varm!

Tid og sted

Stad:   Kjelleren på Bygdaheimen, Imrevegen 30.

Tid:frå      Kvar torsdag.

Gruppe 1:      kl 10:00  - 11:00. Instruktør: Tordis Neteland, tlf. 970 58 818

Gruppe 2:      kl. 11:00 - 12:00. Instruktør: Marianne Intelhus, tlf. 900 20 277

Gruppe 3:      kl. 12.30 - 13.30. Instruktør: Katrine Gabrielsen, tlf. 947 93 793 

For påmelding og ved fråvær: kontakt instruktør for den einskilde gruppa.

NB! Treninga byrjer att den 24.8. Frå denne datoen er det tilbod om ei gruppe torsdag kl. 10. Samanslåing av gruppene gjeld den 24.8, 31.8 og 7.9. Dei som ynskjer å vere med frå den 24.8 må melde i frå til Tordis Neteland. Frå 14.9 er alle gruppene i gong om ikkje anna beskjed vert gitt.

Transport: Viss du har behov for transport, rekvirerer vi drosje.

 

Trening i varmtvannsbasseng  

Vi leiar bassenget på Elverhøy i Nesbyen kvar måndag med tilgang til garderobe og basseng frå kl. 12.00 - 13.30. Nes revmatikerforening stiller med instruktør.

Påmelding for hausten 2017:

Påmelding frå mandag 19. juni til Hemsedal Frivilligsentral, tlf. 32 06 02 31. Bassengtreninga byrjar måndag 4.9.2017.

Spørsmål om transport mm. ta kontakt med Frivilligsentralen eller Friskliv tlf. 970 58 818.

Helsing frå

Helselaget, Frivilligsentralen og Friskliv

Seniordans

Gla`dans - ringdans - linedance = Seniordans

Sosialt, god form for rørsle båe for kropp og hovud. Møt opp og sjå om dette kan vere noko for deg!

 

Hausten 2017

Me dansar om lag annakvar onsdag. Fyrste gong er 6. sepember.

Stad: Kjellaren på Bygdaheimen. Tid:   11.30 - 14.00

Vi dansar ein time før vi tek litt mat, og så dansar vi ein time til. Ta med mat sjølv, kaffi og te ordnar vi på Bgdaheimen. Ein treng ikkje vere med heilie tida, og det er lov å ta pausar!

Ein treng ikkje ein dansepartner for og vere med. Ein skiljar dansarane ved og nytta blå og raude band og dansar ulike ringdansar.

Seniordans er normalt ikkje eit kommunalt tilbod, men eit sjølvstendig lag. Det betalast difor ein eigenandel pr. gong på kr. 20,- pr. person til drift av dansen.

Vi fortset samarbeid med andre seniordanselag i Hallingdal, med nokon felles dansetreff.

Har du spørsmål ta kontakt med:

Friskliv v/Tordis Neteland på telefon: 31 40 88 18 eller 970 58 818.

 

Kurs i regi av Friskliv

 

Livsstyrketrening eit nytt tilbod for tilsette i Hemsedal kommune

Målgruppa er tilsette i Hemsedal kommune som står i fare for å bli sjukmeldt, eller sjukmeldte med hyppige korttidssjukefråvær og forutsigbart langtidssjukefråvær.

Forsking viser at deltaking på Livsstyrketreningskurs aukar bevisstheita om:

  • Samanheng mellom tankar, kjensler, kropp og levd liv
  • Eit skifte i frå diagnose og problema til eigne ressursar, mogelegheiter og val
  • Auka sjølvforståing og styrka meistringsevne til å handtere stress og kvardagens utfordringar

 

Livsstyrketrening er ein pedagogisk helsefremjande tilnærming i gruppe, der det å lære gjennom eigne oppdagingar står i sentrum gjennom t.d. Oppmerksamt nærvær (Mindfulness) og ulike kreative metodar.

Kurs byrjar 12.10 og går over 8 veker, med ein samling kvar veke øver 3 timar på dagtid. Mellom samlingane er det heimeoppgåver.

I slutten av september vert det halde eit informasjonsmøte for aktuelle deltakarar og deira leiare.

Sjå vedlegg for meir informasjon om kva Livsstyrketrening er, samt om forsking og evaluering av tilsvarande tilbod.

Sjå også: www.livsstyrketrening.no

Livsstyrketrening som kurstilbud i Hemsedal kommune.pdf

Invitasjonsbrev til deltakerne høsten 2017.pdf

Avtale mellom kursdeltaker og leder.pdf

KONTRAKT om deltakelse på Livsstyrketreningskurs.pdf

 

Bra mat for bedre helse

Kurset byggjer på prinsipper for Motiverende intervju og kan vere ein god start for å få ein varig forbetring av kosthaldet. Kurskonseptet vektlegg kosthaldsendring over tid under mottoet "små skritt, store forbetringar" og byggjer på dei nasjonale kostråda. Kurset er utvikla av Helsedirektoratet for Frisklivsentralane.

Det er tilbod om kurset i regi av Friskliv i Hallingdal med jamne mellomrom. der er tilbod om kurs hausten 2017 i Hol og Nes kommune. Sjå vedlegg for meir informasjon.

Bra mat_høst 2017_HOL.pdf

 

Tobakksfrikurs

Dette eit kurs for deg som ønskjer å slutte med å røyke eller snuse. Støtte i ei gruppe og strukturell veiledning vektleggast som viktige moment for å lykkast.

Det er ikkje planlagt kurstilbod hausten 2017. Sjå gjerne vedlagte brosjyre om innhaldet i eit slik kurs. 

Kurssleiar: Frisklivskoordinator Tordis Neteland

Stad: Frisklivsentralen i Hemsedal, Imrevegen 30, eller Friskliv andre stader i Hallingdal.

Tobakksfri kurs 2017

For meir informasjon ta gjerne kontakt på tlf. 970 58 818 eller send ein mail til: tordis.neteland@hemsedal.kommune.no

 

Hjelp til snus- og røykeslutt

Mange ønskjer hjelp til å slutta å røyke eller snuse. Du kan få råd på telefon og chat, bruke app og nettsider eller få tips av andre som har klart det. Få  meir informasjon på:

www.slutta.no

 

Kurs i regi av Hallingdal sjukestugu

 Hjarteskulen

Løpande oppstart kvart semester. Ynskjer du å vere med ta kontakt med lege for henvisning.

Hjarteskulen er eit tilbod til deg som nyleg har vore innlagt med hjertesjukdom. Du blir med i ei treningsgruppe og får blant anna informasjon om: trening og fysisk aktivitet, ernæring og kosthald, behandlingsprinsipp og medisin, hjartesjukdom, følelsesmessige reaksjonar, livsstilsendring

Brosjyre Hjarteskulen 

Diabetes type 2

2 dagars kurs for pasientar og pårørande. 8 og 9 november 2017.

HSS Diabetes 2 haust

Sjå gjerne meir om kursa på nettsida til Vestre Viken Helseforetak: https://vestreviken.no/pasient-og-parorendeopplering

 Hjartesjukdomar

2 dagars kurs for pasientar og pårørande. 11 og 12 oktober 2017.

HSS Hjartesjukdomar haust

Sjå gjerne meir om kursa på nettsida til Vestre Viken Helseforetak: https://vestreviken.no/pasient-og-parorendeopplering

 Kols

2 dagars kurs for pasientar og pårørande. Sist gjennomførte kurs var i juni 2017. Det er ikkje planlagt Kolskurs hausten 2017. Sjå gjerne meir om kursa på nettsida til Vestre Viken Helseforetak: https://vestreviken.no/pasient-og-parorendeopplering