Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Friskliv - Div.kurs

I løpet av året vil det vera forskjellige kurs som ein har moglegheit til å delta på. Desse vil verta annonsert her.

Tobakksfrikurs

Dette eit kurs for deg som ønskjer å slutte med å røyke eller snuse. Støtte i ei gruppe og strukturell veiledning vektleggast som viktige moment for å lykkast.

Det er tilbod om kurs haust og vår på ulike stader i Hallingdal. Sjå gjerne vedlagte brosjyre om innhaldet i eit slik kurs. 

Kurssleiar: Frisklivskoordinator Tordis Neteland

Stad: Frisklivsentralen i Hemsedal, Imrevegen 30

Tobakksfri kurs 2017

 

For meir informasjon ta gjerne kontakt på tlf. 970 58 818 eller send ein mail til: tordis.neteland@hemsedal.kommune.no

Hjelp til snus- og røykeslutt

Mange ønskjer hjelp til å slutta å røyke eller snuse. Du kan få råd på telefon og chat, bruke app og nettsider eller få tips av andre som har klart det. Få  meir informasjon på:

www.slutta.no

 

Kurs i regi av Hallingdal sjukestugu

Hjarteskulen

Oppstart: etter henvisning av lege.

Hjarteskulen er eit tilbod til deg som nyleg har vore innlagt med hjertesjukdom. Du blir med i ei treningsgruppe og får blant anna informasjon om: trening og fysisk aktivitet, ernæring og kosthald, behandlingsprinsipp og medisin, hjartesjukdom, følelsesmessige reaksjonar, livsstilsendring

Brosjyre Hjarteskulen 

Løpande oppstart kvart semester. Kursdatoar for hausten 2017 er ikkje fastlagde.

Diabetes type 2

2 dagars kurs for pasientar og pårørande. Sist gjennomførte kurs var i mars 2017. Kursdatoar for hausten 2017 er ikkje fastlagde. Sjå gjerne meir om kursa på nettsida til Vestre Viken Helseforetak: https://vestreviken.no/pasient-og-parorendeopplering

Hjartesjukdomar

2 dagars kurs for pasientar og pårørande. Sist gjennomførte kurs var i april 2017. Kursdatoar for hausten 2017 er ikkje fastlagde. Sjå gjerne meir om kursa på nettsida til Vestre Viken Helseforetak: https://vestreviken.no/pasient-og-parorendeopplering

 

Kols

2 dagars kurs for pasientar og pårørande. Sist gjennomførte kurs var i juni 2017. Kursdatoar for hausten 2017 er ikkje fastlagde. Sjå gjerne meir om kursa på nettsida til Vestre Viken Helseforetak: https://vestreviken.no/pasient-og-parorendeopplering