Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Familievern

Familieverntenesta er til for familiar, par, enkeltpersonar, unge og eldre.

Familiekontoret Hallingdal, Stiftelsen Kirkens Familievern

er ei eiga stifting, men har driftsavtale med den statlege Barne-, ungdoms- og familieetaten.

www.familievern.no

Vil du ha nokon å prate med?

Vi er til for familiar, par, enkeltpersonar, barn, unge og eldre som ynskjer å samtale og ha fokus på bedre kommunikasjon, konfliktløysing, generasjonsmotsetningar, sorg og tap, seksualitet, samværsavtaler, foreldremekling m.m.

Kva tilbyr vi?

Samtalar for dei som ønskjer betre kommunikasjon, konfliktløysing, generasjonsmotsetningar, sorg og tap, seksualitet, samværsavtaler, foreldre, mekling m.m.

Korleis arbeider vi?

Vi inviterer til samarbeid i form av samtalar. Vi har ingen "mirakel-løysingar" men saman kan vi arbeide for å finne løysingar som kan vere til hjelp for deg/dykk.

Tilsynsmynde

Sosial- og familieavdelingen hjå Fylkesmannen i Buskerud er tilsynsmyndighet ovanfor familievernkontora og skal sjå til at lover og reglar vert følgde.