Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Div kurs

I løpet av året vil det vera forskjellige kurs som ein har moglegheit til å delta på. Desse vil verta annonsert her.

Kosthaldskurs

       Kurset er for deg som har :

  • Diabetes type 2

  • Hjarte- og karsjukdom

  • Høgt kolesterol

  • Høgt blodtrykk

  • KOLS

Det er fem samlingar som varer ca. to timar kvar gong. Ein kursdag er praktisk matlaging,  og ein kursdag er på butikken. Kurset leiast av klinisk ernæringsfysiolog, Hilde Nysæther Frantzen.

Kursdagar 2017: 20.4, 27.4, 4.5, 11.5 og 18.5. Alle dagar kl. 14.00 – 16.00.

Stad: Frisklivsentralen i Hemsedal, Bygdaheimen, Imrevegen 30. Praktisk matlaging vert på Hemsedal barne- og ungdomsskule.

For meir informasjon og påmelding kontakt kursleiar Hilde, epost:
hnf@aal.kommune.no  eller tlf. 901 75 205 eller kontakt Frisklivskoordinator Tordis Neteland i Hemsedal kommune, tlf. 970 58 818.

Påmelding innan 12. april 2017. Pris kr. 500,-.

Tobakksfrikurs

Dette eit kurs for deg som ønskjer å slutte med å røyke eller snuse. Støtte i ei gruppe og strukturell veiledning vektleggast som viktige moment for å lykkast.

Kurset med oppstart i januar 2017, vart diverre ikkje gjennomført pga. for få påmeldte. Sjå gjerne vedlagte brosjyre om innhaldet i eit slik kurs. 

Kurssleiar: Frisklivskoordinator Tordis Neteland

Stad: Frisklivsentralen i Hemsedal, Imrevegen 30

Tobakksfri kurs 2017

 

For meir informasjon ta gjerne kontakt på tlf. 970 58 818 eller send ein mail til: tordis.neteland@hemsedal.kommune.no

Hjelp til snus- og røykeslutt

Mange ønskjer hjelp til å slutta å røyke eller snuse. Du kan få råd på telefon og chat, bruke app og nettsider eller få tips av andre som har klart det. Få  meir informasjon på:

www.slutta.no

 

Kurs i regi av Hallingdal sjukestugu vinter/vår 2017

Hjarteskulen

Oppstart: etter henvisning av lege.

Hjarteskulen er eit tilbod til deg som nyleg har vore innlagt med hjertesjukdom. Du blir med i ei treningsgruppe og får blant anna informasjon om: trening og fysisk aktivitet, ernæring og kosthald, behandlingsprinsipp og medisin, hjartesjukdom, følelsesmessige reaksjonar, livsstilsendring

Brosjyre Hjarteskulen 

Løpande oppstart kvart semester. 

Diabetes type 2

2 dagars kurs for pasientar og pårørande. Sist gjennomførte kurs var i mars 2017. Kursdatoar for hausten 2017 er ikkje fastlagde. Sjå gjerne meir om kursa på nettsida til Vestre Viken Helseforetak: https://vestreviken.no/pasient-og-parorendeopplering

Hjartesjukdomar

2 dagars kurs for pasientar og pårørande. Kursdatoar: 26. og 27.april 2017. Du kan lese meir om kurset på nettsida til Vestre Viken Helseforetak: https://vestreviken.no/pasient-og-parorendeopplering

 

Kols

2 dagars kurs for pasientar og pårørande. Kursdatoar: 7. og 8.juni 2017. Du kan lese meir om kurset på nettsida til Vestre Viken Helseforetak: https://vestreviken.no/pasient-og-parorendeopplering