Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Demens

I Hemsedal kommune er demens-teamet bindeledd mellom den demente, pårørande og kommunen.

Kva er demens og kvifor utgreiing?


Demens er ei sjukdomsgruppe i hjernen som stadig fleire vert ramma av. Dette gjer symptom som hukommelsessvikt, sviktande språkfunksjon, endringar i personligdomen og nedsett omsorg for seg sjølve. Det kan skape store vanskar med å meistre kvardagen. Det er naudsynt å utreda demens slik at brukaren og dei pårørande får riktig informasjon om sjukdommen.

Dersom heimetenesta og omsorgssenteret skal kunne gje god hjelp til riktig tid, må ein vita noko om sjukdommen hos den einskilde. For legen er det avgjørande å vita om brukaren har demens slik at rett medisin og behandling blir gitt. Det gir og eit grunnlag for korrekt behandling seinere i sjukdomsforløpet. Dette vil gje ein tryggare og bedre situasjon for brukaren og dei pårørande.

 

Mål med utgreiing og tiltak


Målet med utgreiinga er å bedre funksjonsnivået til pasienten, forebygga unødig flytting, forebygge problemadferd og auke den sosiale kontakten. Dette kan bidra til auka trivsel og ein bedre kvardag for pasient og pårørande.

Kva gjer demens-teamet


Vi kan komme på heimebesøk og utgreie daglege aktivitetar, mental funksjon og adferd. Teamet vil gjere ein del testar, rettleie pårørenda og gjere ein sikkerhetsjekk i bustaden.Vi vil vere bindeleddet mellom den demente, pårørande og hjelpeapparatet i kommunen.


Kontakt

Demens-teamet består av  sjukepleiarar, fysioterapeut og fastlegen  i Hemsedal kommune og kan kontaktast mandag til fredag kl. 08-15 på tlf. 916 66 845

Fastlege også kan formidle kontakt.