Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Avlasting

Om tenesta

Avlastningsvedtak vert tilbydd  for å avlaste omsorgsyter (pårørande) med særleg tyngjande omsorgsoppgåver. Avlastning skal gjere det mogeleg for omsorgsytaren å oppretthalde gode familie relasjonar, bevare sosialt nettverk og ha muligheit for nødvendig og regelmessig fritid.

Innhaldet i avlastingsopphaldet er å ivareta eit grunnleggjande  behov, dvs. den omsorg og tryggleik som til vanlig blir gitt i heimen.

Avlastning kan bli gitt i den enkelte sin heim eller på institusjon.

Tilbodet kan bli gitt  på timesbasis, som dag- eller døgnopphald.

Målgruppe

Pårørande med tunge omsorgsoppgåver  

Kriterier/vilkår

Omsorgsyter får tildelt avlastningsplass der søknad om plass er for å ivareta den som yter omsorg og ikkje ei vurdering av helse, observasjon, rehabilitering eller behandling av bruker. 

Gjeldende lov og regelverk

Helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2 første ledd nr 6 bokstav d

Vederlag

Kommunen kan ikkje ta seg betalt for avlastning

Søknad og søknadsfrist

Søknadsskjema

Ingen søknadsfrist. Det kan søkjast når som helst. 

Søknaden skal sendast til:

Hemsedal kommune
Pleie og omsorgsavdelinga
Imrevegen 30
3560 Hemsedal

Saksbehandlingstid

Ved akutt behov vert søknadane behandla etter kvart. Elles vert  søknadane behandla etter forvaltningsloven sine bestemmelser, som si at svar må væra gitt innan 1 månad etter at søknaden er motteke. 


Klage

 

Klageinstansen er Fylkesmannen. Vedtak kan påklagast innan 4 veker. Klaga skal sendast til Pleie og omsorgsavdelinga. Klagen vil bli behandla og deretter oversendt Fylkesmannen for endeleg klagebehandling.