Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Beredskap

Beredskapsplan

Denne planen gjer greie for korleis kommunen si overordna leiing skal organisere seg i kriser og korleis kommunen skal leie innsatsen sin i krisesituasjonar. Fyrst og fremst gjer planen greie for kriser innanfor Hemsedal Kommune sine grensar, der Hemsedal sine innbyggjarar eller andre personar som opphelder seg i kommunen blir ramma. 

Beredskapsplan

Plangrunnlag for kommunal atomberedskap

ROS - analyse

ROS-analyse Hemsedal

Sorg- og kriseteam

Sorg- og kriseteamet er ein del av kommunen sin beredskap og trer saman ved behov når alvorlege situasjonar oppstår, som for eksempel dødsulykker, sjølvmord, drap, alvorlege truslar eller andre katastrofar som går på menneskelege forhold.

Kontakt: Teamet vert kontakta via legevakt  tlf. 116 117, Politi / 112/ 02800 eller andre faginstansar.

Målsetting: Alle som bur, eller mellombels oppheld seg i Hemsedal, og som av ulike årsakar kjem i alvorlege livskriser, skal sikrast medmenneskeleg og kompetent kontakt.

Organisering: Teamet vert oppretta av helse- og onsorgsleiaren, som har det overordna administrative og økonomiske ansvaret. Sorg- og kriseteamet består av fagpersonar som har kompeanse innan dette fagområdet.

Leiar for Sorg- og kriseteam: Heidi Grøthe

Prest - beredskap i Hallingdal

Beredskapsvakt for prestane i Hallingdal

Nedre Hallingdal (Flå, Nes, Gol og Hemsedal): Vakttelefon: 954 71 337

Øvre Hallingdal (Hol og Ål): vakttelefon: 954 71 644

Vaktberedskapen gjeld i dette tidsrommet: - Måndag - torsdag kl: 17.00-08.00 - Fredag kl. 17.00 - måndag morgon kl. 08.00

Andre tidspunkt: kontakt den lokale presten

Vakthavande prest er tilgjengeleg for tenester som ikkje kan utsetjast:

1. Gå med dødsmelding
2. Soknebod
3. Sjelesorg i akutte livssituasjoner

Kriseinfo - nasjonal nettside


http://www.kriseinfo.no/

Varsom.no - nasjonal nettside

http://varsom.no/

Viktige telefonnummer

Tenestetorget/Sentralbordet 31 40 88 00
Legevakt 32 06 07 88
Barnevernvakt 32 08 53 10
Teknisk drift - vakttelefon 41 69 40 40
Hemsedal Energi 32 05 98 80
Hallingdal Krisesenter 32 07 52 50
Alarmtelefon for barn og unge 116 111