Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Ulovleg skilt og reklamebruk

Hemsedal kommune har brukt store ressursar til å rydde opp i ulovleg skilt- og reklamebruk dei siste åra. Kommunestyret har oppdatert skilt- og reklamevedtektene i tett samarbeid med næringa. Skilt og reklame i det offentlege rom er søknadspliktige tiltak. Kommunen må no desverre ty til ulovlegheitsoppfølgjing - om ikkje det vert rydda opp før 11. mars 2016.

OPPFØLGJING – ULOVLEG SKILT OG REKLAMEBRUK I HEMSEDAL

Hemsedal kommune har brukt store ressursar til å rydde opp i ulovleg skilt- og reklamebruk dei siste åra. Kommunestyret har oppdatert skilt- og reklamevedtektene i tett samarbeid med næringa. Skilt og reklame i det offentlege rom er søknadspliktige tiltak. Fleire aktørar har satt opp skilt utan å søke.

Etter vedtak av skilt- og reklamevedtektene har kommunen prioritert arbeid med informasjon, opplæring og «opprydding». Oppryddingsarbeidet er omfattande, og ein har difor konsentrert innsatsen mot deler av bygda – og da starta med aktørar og grunneigarar i Trøym sentrum. Kommunen har saman med næringa halde info-møter, men og skrive brev til alle verksemder i Trøym sentrum med informasjon om gjeldande skilt- og reklamevedtekter. Det har vorte gitt god tid for dei som har ulovlege skilt/ reklamebruk til å rette opp i dette,- eller søke om godkjenning.

Info om gjeldande skilt- og reklamevedtekter

Kommunen opplever likevel at fleire aktørar gjer som dei vil, anten det er skilt, reklamebiler, beachflagg, eller bruk av reklamebanner. Om ikkje skilt- og reklamevedtektene vert følgt undergrev slike handlingar heile regelverket – eit regelverk næringa sjølv ønskjer vert følgt opp. I næringsplan til kommunen er mellom anna utvikling av fysiske miljøkvaliteter i Trøym sentrum prioritert tiltak, - der oppfølging av skilt- og reklamevedtektene står som framheva tiltak.

Sidan skilt og reklamevedtekter ikkje vert respektert må dessverre kommunen no ty til ulovlegheitsoppfølgjing. Plan- og bygningsloven med tilhøyrande forskrifter gir kommunen heimel til å ilegga overtredelsesgebyr til den som utfører, eller lar utføre søknadspliktige tiltak utan løyve.

Absolutt siste frist for opprydding vert satt til 11. mars 2016 – registrert ulovlegheiter etter denne dato vert bøtelagt, og følgt opp.