Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Søkjer ny rådmann

Er du vår nye rådmann? Sjå fullstendig stillingsutlysning her.

Rådmannen har ansvar for å drifte og vidareutvikle kommunen. Han skal samarbeide konstruktivt med engasjerte folkevalde, og om lag 250 dyktige medarbeidarar. Kommunen skal ha gode tenester og vera ein god stad å bu. Kommunestyret har vedteke at kommunen framleis skal vera eigen kommune. Vi søkjer ein synleg, utviklings- og resultatorientert rådmann som er god til å bygge organisasjonen og leie personalet. Du er tydleg og strukturert, men samstundes samlande og motiverer for å nå felles mål gjennom gode prosessar. Som rådmann er du ein strategisk og handlekraftig leiar med evne til effektiv gjennomføring av politiske vedtak.

Søk stilling

Arbeidsoppgåver:

- Leiing av organisasjonen med fokus på godt samarbeid, strategi, heilskap, endringsleiing og god personalleiing.
- Effektiv drift og vidareutvikling med fokus på kvalitet og økonomiske rammer.
- God økonomistyring og rapportering.
- God sakshandsaming og effektiv oppfølging av politiske vedtak
- Tilrettelegging for samfunns- og næringsutvikling.

Kvalifikasoner:

- Kompetanse innan personal- og organisasjonsleiing / organisasjonsbygging / endringsleiing.
- Leiarerfaring frå offentleg / eller privat verksemd med gode resultat.
- God kjennskap til kommunal verksemd.
- Erfaring med overordna planlegging og økonomistyring.
- Personlege eigenskapar.

Utdanningsnivå:

- Høgskule / Universitet

Vi ønskjer at du er:

- Strategisk dyktig med evne til å tenke nytt og langsiktig.
- Tydleg og handlekraftig.
- Ein person som har gode relasjon- og kommunikasjonseigenskapar, og godt humør.

Vi tilbyr: 

- Ei sentral toppleiarstilling med stor påverknad på viktige samfunnsoppgåver i nært samspel med politisk nivå.
- Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver.
- Dyktige og motiverte medarbeidarar.
- Konkurransedyktig løn og god pensjonsordning i KLP.
- Hjelp til å skaffe bustad.

Andre opplysningar: 

- Hemsedal er nynorskkommune.
- Søkjarlister er i utgangspunktet offentlege. 
- Søknader skal registrerast elektronisk på vår webside.

Søknadsinformasjon:

Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn. Vitnemål og attestar kan lastas opp, og blir da ein del av den elektroniske søknaden. I tillegg må dei sendast pr. e-post til: postmottak@hemsedal.kommune.no. Referansar vil bli innhenta.

Vi ser fram til din søknad, og ønskjer deg velkommen som søkjar her hos oss i Hemsedal kommune. 
Intervju kan bli gjennomført siste halvdel av juni 2017.