Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

SMIL-tilskot

Tenkjer du å utføra tiltak som ivaretek jordbrukets kulturlandskap? Då kan du kanskje motta stønad frå SMIL- tilskotet!

Det er mogleg å søkja økonomisk stønad til tiltak som ivaretek jordbrukets kulturlandskap. Eksempler kan vera tiltak for å:
- fremja biologisk mangfold i kulturlandskapet
- leggja til rette for oppleving av kulturlandskapet
- bevara og skjøte kulturmiljø (f.eks. beiterydding)
- restaurere verneverdige bygningar i landbruket.

Det kan også søkas stønad til andre tiltak som er viktige for jordbrukets kulturlandskap eller som reduserar forureining frå jordbruket.

For spørsmål kontakt landbrukskontoret i Hemsedal kommune. Søknadsskjema fins på www.slf.dep.no/no/tilskudd

Søkjarar av produksjonstilskot i jordbruket vert prioritert.

Søknadsfrist for SMIL midler er 1. april 2016. Neste søknadsfrist er 1. oktober 2016.