Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Restaurering av stigen til Skogshorn er no i gang

4 Sherpaer er no i gang med å restaurere den sterkt slitasjeprega stigen til Hemsedal mest besøkte fjell; Skogshorn.

Dagane har til no vore brukt til stigbefaring med Hemsedal utmarksservice v/ prosjektleiar Henning Flaget og Hemsedal kommune v/ koordinator Jørn Magne Forland. Vidare er over 120 tonn stein pakka i storsekkar og i slingsar for utflyging til stigen som anten skal få trappetrinn, vannrenner eller trinn over blaute områder. Restaureringa vil starte nedst.

Skogshornstigprosjektet vil især takke Sparebankstiftelsen Hallingdal, Hemsedal turistrafikklag og Hemsedal kommune for økonomisk støtte til årets gjennomføring . Ein stor takk også til Ola Arnfinn Haraldset for gratis stein frakta frå Nes.