Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Nominer til kulturprisen 2016

Hemsedal kommune inviterer innbyggjarane i Hemsedal til å fremje kandidatar til den kommunale kulturprisen. Kulturprisen har som føremål å hjelpe fram kulturarbeidet i kommunen.

Hemsedal kommune sin kulturpris kan delast i tre kategoriar:

1. Hemsedal kommune sin kulturpris kan tildelast

• ein einskildperson
• ei gruppe av personar
• institusjon
• organisasjon som har vist/viser evne og vilje til å yte kulturinnsats ut over det vanlege.

2. Hemsedal kommune sin kulturpris kan tildelast
• ein bygning
• eit bygningsmiljø som i særleg grad tek vare på den lokale byggeskikken

3. Hemsedal kommune sin kulturpris kan tildelast
• ein einskildperson
• ei gruppe av personar
• organisasjon
• institusjon som har merka seg ut gjennom idrettsprestasjonar lokalt, nasjonalt eller internasjonalt

Kandidaten må ha nær tilknytning til Hemsedal sitt kultur-/idrettsliv og vere busett eller arbeide i Hemsedal kommune. Profesjonelle og amatørar har lik moglegheit til å få kulturprisen. Ingen kan få prisen meir enn ein gong.

Hovudutval for Livsløp avgjer kven som skal motta prisen.

Grunngjevne, skriftlege forslag til kandidatar kan sendast Hemsedal kommune, 3560 Hemsedal eller på e-post til postmottak@hemsedal.kommune.no innan 1. mars.