Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Midlertidig innkvartering - asylsøkjarar

Frå 18. september er det oppretta midlertidig innkvartering for asylsøkjarar i Hemsedal.

UDI har inngått avtale med aktørar i Hemsedal om midlertidig innkvartering av asylsøkjarar. Dette gjeld førebels Fossheim Hotell med 120 plassar. Det er også inngått avtale med Bakken/Skogstad Hotell om inntill 250 plassar.

Situasjonen akkurat no:

  • Då det har vore høge ankomster av asylsøkjarar den sista tida er kapasiteta på transittmottaka i Oslo sprengt. Transittmottaka på Refstad i Oslo har vore fullt sidan veke 35. For å gje kost og losji til asylsøkjarar som er registrert av politiets utlendingsenhet har UDi vore nødt til å etablere akuttinnkvartering.

  • UDI arbeider med å etablere fleire nye ordinære mottak.

Kva er akuttinnkvartering:

  • UDI inngår avtaler om å leige av hoteller og andre overnattingsstader i Østlandsområdet for å skaffe innkvartering til nyankomne asylsøkjarar. Desse stadene kallast for akuttinnkvartering.

  • Akuttinnkvartering er ein midlertidig løysning for å utvide kapasitet i transittmottak i Oslo- området i påvente av nye mottak.

  • Avtaler om akuttinnkvartering vil i første omgang gjelde for to månader.

  • Akuttinnkvarteringsstader er tilknytt eit konkret transittmottak.

  • Tilknytta transittmottak og UDI har oppfølging for akuttinnkvartering.

  • Detta er eit midlertidig botilbud som vil vare i alt frå 3-5 dagar i påvente av plassering i eit ordinært mottak.

  •  Botilbuda vil vera døgnbemanna med kost og losji inkludert.

Kven bur i akuttinnkvartering:

  • Dei som flyttast til akuttinnkvartering er personar som er registrert som asylsøkjarar og som bebuarar i UDIs mottakssystem.

  • Sammansetninga av gruppa vil variera frå stad til stad.