Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Hemsedal - trafikksikker kommune

Torsdag 9 mars vart Hemsedal kommune godkjent som ein "trafikksikker kommune"

Hemsedal godkjent som «Trafikksikker kommune»!

 

Etter omlag eit års prosess vart i dag Hemsedal kommune godkjent som ein «Trafikksikker kommune» for perioden 2017-2019!
Trygg Trafikk og Buskerud fylkeskommune var til stades og overrekte Hemsedal kommune kr 50 000.

Kommunen har ansvaret for trafikktryggleik både som vegeigar, arealplanleggar, tenesteytande innan folkehelse, som barnehage- og skuleeigar, arbeidsgivar og som forbruker av transporttenestar.

Arbeidet mot ein «Trafikksikker kommune» har vore bygd på standard kriterier og skal vere eit verktøy for kommunen til å jobbe systematisk og på tvers av dei ulike sektorane basert på gjeldande lover og forskrifter.

Godt trafikktryggleiksarbeid er eit løpande område ein satsar på for Hemsedal kommune - som gjer færre skader og trygger innbyggarane og turistane