Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Har du rom for ein til?

I den nasjonale rekrutteringskampanjen for fosterheim letar vi etter folk med rom for ein til i livet sitt.

Over 11 000 barn og unge i Norge bor i fosterheim og antallet aukar år til år. I den nasjonale rekrutteringskampanjen for fosterheim som starter denne uken, leitar vi etter folk med rom for ein til i livet sitt. 

Rundt 320 barn i Norge venter på fosterheim i dag. Dette er barn med litt ekstra bagasje som treng trygge, gode og rause fosterforeldre som har «rom for ein til». Vi søker spesielt fosterheim til eldre barn og ungdom, til søsken, til barn med etnisk minoritetsbakgrunn og fosterheim blant slekt og i nettverk.

Kvart år er det behov for rundt 1000 nye fosterheim i Norge, og behovet for nye fosterheimar, vil auke i åra som kjem. Fosterheimar er det viktigaste barneverntiltaket for barn som ikkje kan bu heime, og åtte av ti fosterforeldre anbefaler andre å ta i mot eit barn.

Målet med kampanjen er å synleggjera behovet for fosterheim og å senka terskelen for å ta kontakt med oss. Alle som vurderer å verta fosterheim, kan saman med Fosterheimstenesten i Buskerud finne ut om dette er noko for deg og din familie.

fosterhjem.no finn du mykje bakgrunnsinformasjon om å vera fosterforeldre, informasjon om kurs og møter og ikkje minst ein oversikt over barn som treng fosterheim.

Vil du vite meir? T

Ta gjerne kontakt med oss i Fosterheimstenesten i Buskerud: Telefon: 466 17 800 E-post: buskerud.inntak.fosterhjem@bufetat.no