Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Gratulerer til Kjell Snerte som fekk tildelt Hemsedal kommune sin kulturpris 17. mai

Kulturprisen i år gjekk til Kjell Snerte. Prisen vart delt ut under arrangement i Trøimshallen 17. mai.

 

Kjell Snerte har etter han kom tilbake til Hemsedal i 1984 lagt ned eit stort arbeid for Hemsedal som kulturbygd.
Han har vore redaktør på bøkene i serien "Hemsedal gjennom tidene" som er eit praktverk. Vi nemner frå Skysstasjon til alpinsenter, Støl og Stølsliv, Barn og ungdom i Hemsedal, Kvinneliv, Løglege skruvar og kjende folk frå Hemsedal. Bøker som me alle set stor pris på.

Han har vore med i stiftinga og styret til Hemsedal Historielag og i Hemsedal Bygdearkiv
Han er redaktør for bøkene "Dølaminne" gjeve ut av Hallingdal Historielag. Han er ein ihuga nynorskmann og har vore med og stifta og vore leiar for Hemsedal Mållag i ei årrekke.
Han har fremma nynorsken og dialekta til Hemsedal på ein framifrå måte.


Hemsedal kommune gratulerer!