Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Friluftslivets år, vekas tur

Det er Friluftslivets År i 2015 (FÅ15). Kvar oddetals-torsdag vil ein av kommunane i Hallingdal eller Nore og Uvdal presentere vekas tur i Hallingdølen. Målet er å få fleire ut på tur og gjerne i nytt, ukjent terreng.

Her kjem forslaget for veke 49. Turen kan fint brukast igjennom heile vinteren 
Vekas tur – GRAVSET SKIANLEGG
Lengde: 1km og 2 km
Vanskegrad: Lett
Tilkomst: Køyr frå Ulsåk i retning Lykkja
Parkering: P-plassen på Gravset
(kontant/kort/SMS betaling)

Sjekk også informasjon om Gravset Skianlegg her:
www.gravset.no

Vinter er i anmarsj og snøkanonane på Gravset jobbar for fullt. Både 1 og 2 kilometeren er
køyrt opp med skøyte og klassisk spor. Kjem det meir snø, vert det køyrt fleire løyper. Sjekk
gjerne statusen på skisporet.no

Gravset er eit fint utgangspunkt for forskjellige rundløyper i ulike vanskelighetsgrader og
lengder. Her finn ein både: klassisk- og skøytespor, skileikområde og lysløyper. I område er
det tilgang til parkeringsplass, varmestugu med servering og toalett.

Gravsetstugu held opent denne helga på laurdag og sundag frå kl. 11.00 til kl. 16.00. Kom
gjerne innom etter ein skitur. Kafeen seljer både kald og varm drikke og mat.

God skitur!

Sjekk løypestatus i Hemsedal på: www.skisporet.no/buskerud/hemsedal
Foto: Unni Bratland Mythe