Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Feiing og tilsyn på hytta

I 2016 kom ny forskrift om brannforebygging, med vesentlege endringar frå den tidlegare gjeldande forskrifta. Blant anna skal både fritidsboligar og næringsbygg med fyringsanlegg no ha feiing og tilsyn.


Vi treng hjelp av deg som er hytteeigar:

I våre kommunar er det fleire fritidsboligar enn boligar, vi må derfor så snart som mulig få kartlagt omfanget. Alle hytteeigarar vil få eit skriv der dei må svara på ulike opplysningar om fyringsanlegget og bruken av dette. På bakgrunn av denne kartlegginga vil vi organisere feie- og tilsynstjenesten i fritidsboligar framover. Vi startar arbeidet i 2018, men det kjem sannsynlegvis til å ta fleire år før vi klarar å gå tilsyn/feie på alle hyttene. De kan altså svara her elektronisk, ellers vil spørreskjemaet ligge ved i brevet som alle vil motta, de kan difor også svara i brevs form om de heller foretrekk det. Vi ønsker at de fyller ut spørreskjemaet så snart som mogleg.

Innsendingsskjema ang fritidsbolig

Stige/trinn på tak:

Me vil også gjera oppmerksom på at forskriftene krev at feiaren skal ha sikker tilkomst på taket for å utføre jobben forsvarleg. Me oppfordrar difor eigarane av fritidsboligane til å montere stige eller trinn på taket. Feiaren har krav til å risikovurdere faren med å gå på alle tak. Nokon tak, slik som torvtak, kan han gå på utan stige/trinn når det er tørt og ikkje is, ved andre forhold medfører det ein fare å gå på same taket slik at jobben ikkje kan utførast. Uansett er risikoen for uhell/ulykker større for ein som går på 25 tak kvar arbeidsdag heile året, enn for ein som kanskje går på taket ein gong i året. På grunn av den nye forskrifta er det mange firma som tilbyr salg og montering av takstige/taktrinn. Er du usikker på krava til sikker tilkomst på taket for feiaren, eller du har andre spørsmål så ta kontakt med oss.

Fyring med gass:

Gasspeiser og sentralfyr er også å rekne som fyringsanlegg, og er derfor med i tilsynsordninga vår. Dette gjeld ikkje viss gassanlegget berre er knytt til ein koketopp eller liknande på kjøkkenet.
Det blir kun tilsyn i hytter gassfyring, ikkje feiing.

Kontaktinformasjon:
Hallingdal brann- og redningsteneste iks
Torpomoen 27, 3579 Torpo
Mail: feieavdeling@hallingdal-brannvesen.no
Tlf: 966 25 425