Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Få posten frå kommunen digitalt

Hemsedal kommune har starta opp med digital utsending av brev til innbyggarar og næringsliv. Vi vonar overgangen til digital post er ei god ordning for deg som til vanleg nyttar digitale løysingar.

Stortinget har bestemt at digital kommunikasjon skal vere hovudregelen i kommunane. Hemsedal kommune har starta opp med digital utsending av brev til innbyggarar og næringsliv. Kanalane vi nyttar er krypterte så det er trygt å motta brev, sjølv om det har sensitivt innhald. Vi vonar overgangen til digital post er ei god ordning for deg som til vanleg nyttar digitale løysingar.

Slik opprettar du digital postkasse: Du kan opprette postkasse på norge.no. Les meir om digital postkasse og sjå spørsmål og svar om digital postkasse. Har du allereie digital postkasse, treng du ikkje gjere noko.

Kva skjer om du ikkje opprettar digital postkasse? Då vil den digitale posten gå til Altinn. Opnar du ikkje brevet i løpet av nokre dagar, blir det sendt til deg på papir i vanleg post.
Du kan reservere deg Ynsker du ikkje å få post digitalt, kan du reservere deg via reservasjonsregisteret. Har du aldri registrert mobilnummeret eller e-postadressa di ved innlogging på ei offentleg teneste via ID-porten, er det ikkje naudsynt å reservere seg. Då får du automatisk post på papir.

Har du spørsmål om digital postkasse, eller treng hjelp til å opprette, ta kontakt med tenestetorget