Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Ein vegvisar ved vald og overgrep dinutvei.no

Vald i nære relasjonar, overgrep og valdtekt kan ramme menneske uansett alder og kjønn. Ikkje alle veit kva slags hjelp dei kan få eller kor hjelpa finnast. Mange ønskjer også meir kunnskap om vald og overgrep.

dinutvei.no er ein nasjonal nettportal som gir oversikt over ulike hjelpetilbod, der ein er eller over heile landet. På dinutvei.no finn du også informasjon, fagstoff og ein spørsmål og svar-teneste, kor du kan stille spørsmål og få svar anonymt.

Nettportalen gir oversikt og informasjon til utsette for vald, overgrep og valdtekt, pårørande og uroa, dei som utøver vald og til fagpersonar. Portalen er ein del av regjeringa sin innsats for å førebyggje vald i nære relasjonar.

dinutvei.no er utvikla av Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) i samarbeid med Regionale ressurssentra om vald og traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS), Krisesentersekretariatet og Norske kvinners sanitetsforening (N.K.S) på oppdrag fra Justis- og beredskapsdepartementet.