Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Digital postkasse

1 180 innbyggjarar i Hemsedal kommune har endå ikkje teke i bruk digital postkasse. No startar kommunen ein kampanje for å få fleire til å ta imot digital post frå kommunen.

Velg digital post fra oss

Nesten 1,8 millionar nordmenn bruker i dag digital postkasse og får dermed post frå kommunen og andre offentlege etatar digitalt i staden for på papir. Men potensialet for bruk av digital post er vesentleg større. I kommunen vår er det 791 innbyggjarar som har teke i bruk digital postkasse. Det utgjer 40,1% prosent av alle innbyggjarane over 15 år i kommunen – og det plasserer oss på 6. plass blant landets kommunar.

Gjennomfører kampanje
Me brukar i dag store ressursar på papirpost. Difor set me i gang ein kampanje for å få fleire til å velje vekk papir. I løpet av dei næraste dagane vil dei som ikkje har oppretta digital postkasse, få ein hyggeleg e-post frå kommunen med ein oppfordring om å gjera dette.

-I dag sender me ut papirbrev i postkassen til 1180 innbyggjarar. Det kostar minst ti kroner per brev. Det høyrest kanskje ikkje så mykje ut, men til saman er dette ressursar og pengar me kunne brukt på noko langt meir nyttig, som til dømes barnehage, helse eller kulturtilbod. Målet vårt er at flest mogleg innbyggjarar går over til digital postkasse slik at me sparar desse ressursane og ikkje minst miljøet, seier rådmann Jan Olav Helling.

Praktisk for innbyggjarane
Me trur også at mange innbyggjarar vil tykkje digital postkasse er praktisk: Du unngår unødvendig ventetid, og får mange brev frå det offentlege og det private direkte i den digitale postkassen, same kor du er. Raskt, sikkert og enkelt!

Skaffar du deg digital postkasse vil du få vedtak om barnehageplass eller skuleplass, vedtak i byggesaker og mange andre typar dokument i den digitale postkassen. Der blir dei liggande i ditt personlege arkiv så lenge du vil.

- Eg håpar mange av innbyggjarane som ikkje har oppretta digital postkasse kan ta seg bryet med å bruka nokre minutt på å gjere dette. Dei som treng hjelp til å oppretta digital postkasse, eller har spørsmål om tenesta, kan kontakta kommunen - me hjelper gjerne til, seier Jan Olav.

Slik skaffar du deg digital postkasse:

Gå inn på norge.no
• Vel «Digital postkasse»
• Finn fram den elektroniske ID-en din (e-ID), for eksempel din BankID
• Vel enten Digipost eller e-Boks
Følg instruksjonane frå e-Boks eller Digipost for å opprette postkasse.